Kart
I menyen til venstre finn du nettsidene som er omtala under.
Kart på nett Kart på nett er ei felles kartløysing for kommunane Bykle, Valle, Bygland og Evje og Hornnes. Her finn du alle kart som kommunen har. Det er N50-kartdata, tekniske kart og flyfoto.
Planinnsyn Dette er ein database med alle gjeldande reguleringsplanar og kommuneplanen. Du kan søkje på namn/delar av namn eller plan-id, eller klikke rett i kartet og zoome inn/ut. Ved å velje ein plan i kartet som kjem opp på høgre side, får ein opp informasjon om planen. Trykk «vis meir informasjon» for å få opp plandokument som vedtak, føresegner og plankart. Under «Velg kart» kan ein slå av og på visning av ulike kart. Under Reguleringsplan kan ein velje «Reguleringsplan på grunnen» - det er dei vedtekne planane, «Reguleringsplan på høyring» - det er planar som er/har vore på høyring men som ikkje er endeleg vedtekne, og til slutt «Reguleringsplan under handsaming» - dette er planar som er under arbeid men som endå ikkje har kome på høyring (på desse er det berre omrisset/planavgrensinga som ligg inne). Databasen vert oppdatert fortløpande. Om du oppdagar feil - ta gjerne kontakt med velkomstsenteret
Valle i 3D Kart i 3D er ein tredimensjonal visning av kart og flyfoto for Setesdal og Setesdal Vesthei - Ryfylkeheiane. I kartløysinga kan ein kombinere ulike fagdatabasar med flyfoto.
Infoland Infoland er ein elektronisk marknadsplass for formidling av eigedomsinformasjon, kart- og plandata. Her kan du bestille kart og opplysningar om eigedom elektronisk.
Noreg i bilete Noreg i bilete er eit sentralt forvaltningssystem for digitale ortofoto, etablera av Statens kartverk, Statens vegvesen og NIJOS.
Naturbase Naturbase syner informasjon om mellom anna verneområde, friluftlivområde og leveområde for ulike dyreartar. Ei brukarvenleg innsynsløysing som gjev direkte tilgong til data som vert oppdatert av Direktoratet for naturforvaltning og fylkesmennene. Du kan manøvrere deg fram og attende i kartet og hente ut informason, du kan søkje etter område og førekomstar, og du kan lage utskrifter.
geoNorge geoNorge er den nasjonale nettstaden for kartdata og annan geografisk stadfesta informasjon i Noreg. Her kan du søkje etter, få informasjon om og tilgong til det som er tilgjengeleg av slik informasjon.
seNorge seNorge.no – dagleg oppdaterte kart viser snø, vær, vatn og klima for Norge. Du finn kart med data for døgn, månader, år, klimaperiodar og klimascenarie. Døgnkart finns frå 1960 til og med i morgon. Fleire titalls tema rommar til saman fleire hundre tusen kart.
Gule sider - ruteplanleggjar Gule sider si kartløysing gjer det mogleg å planleggje kortaste reiseruta mellom adresser i Noreg
|
|
|