Helseavdelinga held til i Helsehuset, rett ved sida av kommunehuset. Det er 11 tilsette i helseavdelinga som jobbar innafor fylgjande tenesteområde:
- Legetenesta
- Fysioterapitenesta
- Jordmortenesta
- Helsesøstertenesta
- Psykisk helseteneste
Helseavdelinga gjer til eikvar tid sitt beste for å levere tenester av god kvalitet, i samsvar med lov og føresegner og med kortast mogleg ventetid. Likevel må ein rekne med noko ventetid for våre tenester. Alvorlege tilstandar vil prioriterast fyrst.
Kommuneoverlege Hanne T. Straume er tilsett i helseavdelinga, og er kommunens øvste medisinskfaglege mynde. Kommuneoverlegen har eit overordna fagleg ansvar innafor miljøretta helsevern, smittevern og helsemessig beredskap, eit koordinerande ansvar for tenester til barn, eldre og vanskelegstilte grupper, og skal føre tilsyn ved kommunale institusjonar, helsestasjon og heimebaserte tenester.
Innbyggjarane kan ta kontakt med kommuneoverlegen om dei har spørsmål som krev medisinskfagleg kompetanse eller ønskjer å melde frå om mogelege helseskadelege forhold.