Fysioterapi
Tenesta går inn som ein del av helsetilbodet til kommunen. Du kan få tilbod om nødvendig fysioterapi i samband med førebyggjande helsearbeid, ved behandling av sjukdom eller skade. Tenesta kan hjelpe til med mellom anna
- undersøkingar
- funksjonsutgreiingar / motorisk vurdering
- utforming og oppfølging av tiltak
- behandling
- gruppetrening
- opplæring og fagleg undervisning
Målgruppe
Personar med behov for fysioterapi i samband med alder, funksjonsnedsetjing, sjukdom eller skade.
Kriterium
Fysioterapitenesta i kommunen eller legen din vil gjere ei undersøking og ei fagleg vurdering av behovet. Du skal kunne få tilbod om tenesta uavhengig av om du bur heime eller på institusjon.
Pris
Trygda yter heil eller delvis stønad til dekking av utgifter til undersøking og behandling hos fysioterapeut. Stønad til fysioterapi blir gjeven berre dersom fysioterapeuten har avtale om driftstilskott med kommunen. Pasienten betaler eigendel avhengig av diagnose.
Namn
Helse
Adresse
Postboks 4, 4747 Valle
Tlf
3793 7540
E-post
post@valle.kommune.no
Besøksadresse
Helsehuset 1. høgda, 4747 Valle
Ansvarleg eining
Helse
Rettleiing
Fysioterapi kan inngå som eit tilbod til deg som bur på sjukeheim eller ein annan institusjon. Du kan òg få tilbod om fysioterapi i heimen dersom du av ulike årsaker ikkje er i stand til å oppsøkje eit fysikalsk institutt. Ta da kontakt med kommunen.
Søknad sendast
Helse
Postboks 4, 4747 Valle
Klagemuligheit
Dersom du meiner at du ikkje har fått dei tenestene du har krav på, kan du vende deg til kommunen. Elles gjeld føresegnene om klageadgang i pasientrettslova, sjå kapittel 7.
Lover
Kommunen har plikt til å sørgje for denne tenesta, jf. kommunehelsetenestelova § 1-3. Pasientrettlova kapittel 7 Forskrift om habilitering og rehabilitering § 7 og 8 Forskrift for sjukeheim og buform for heildøgns omsorg og pleie § 2-1 Forskrift om kommunen sitt helsefremjande og førebyggjande arbeide i helsestasjons- og skolehelsetenesta § 2-1 Folketrygdlova § 5-8
| |
|
|
|
|
|
|