Helsestasjon for ungdom
HELSESTASJON FOR UNGDOM Helsestasjon for ungdom er et gratis tilbud til deg som er mellom 13 og 20 år. Helsesøster tar i mot ungdom for samtale, helseopplysning og rådgjeving om blant anna søvn, kosthald, prevensjon, seksuelt overførbare sykdomar(SOS), seksualitet, tobakk, alkohol, rus, psykisk- og fysisk helse. Du kan få time hos lege, eventuelt henvisning til spesialist. Ingen timebestilling. Alle som arbeider på helsestasjonen har teieplikt. Tid : Kvar tysdag kl 15-17 (Stengt i skolens ferier). Stad: Helsehuset - inngong 2.etg VELKOMEN !!!!!
Med helsing Monique V. JoreHelsesøster Tlf 37937542 / 95281818
Målgruppe
Ungdom opp til 20 år.
Kriterium
Ungdom opp til 20 år.
Pris
Tilbodet er gratis.
Namn
Helse
Adresse
Postboks 4, 4747 Valle
Tlf
3793 7540
E-post
post@valle.kommune.no
Besøksadresse
Helsehuset 1. høgda, 4747 Valle
Ansvarleg eining
Helse
Rettleiing
Du kan ta kontakt med den nærmaste helsestasjonen din. Du skal ikkje trenge å bestille time. Åpningstid tysdag kl 16.00 - 18.00.
Søknad sendast
Helse
Postboks 4, 4747 Valle
Handsaming
Dersom du meiner at du ikkje har fått dei tenestene du har krav på, kan du ta kontakt med kommunen. Elles gjeld reglane i pasientrettigheitslova om høve til å klage, sjå kapittel 7.
Klagemuligheit
Dersom du meiner du ikkje får nødvendig helsehjelp frå kommunen, kan du etter kommunehelsetenestelova klage over dette til kommunen og deretter til Helsetilsynet i fylket. I klagen må du greie ut om kva forhold det er du klagar over. Du bør beskrive kva du ønskjer endra, og grunngje dette. Kommunen vil kunne rettleie deg. Klagen blir send den instansen i kommunen som har behandla saka. Dersom kommunen held fast ved avgjerda si, blir klagen send vidare til Helsetilsynet i fylket.
Lover
Kommunen har plikt til å sørgje for denne tenesta, jf. kommunehelsetenestelova § 1-3. Sjå også forskrift om kommunen sitt helsefremjande og førebyggjande arbeid i helsestasjons- og skolehelsetenesta §§ 2-1 og 2-3 og pasientrettlova kapittel 7.
|
|
|
|