Gå til hovedinnhold Gå til søk
Skip Navigation LinksTenesteområde > Helse og legetenester Gå til hovedinnhold
Tjenestebeskrivelse 

Helseteneste til flyktningar og asylsøkjarar

Helsetilbodet i kommunen skal sørgje for at asylsøkjarar og flyktningar får nødvendig somatisk og psykisk helsehjelp. Asylsøkjarar og flyktningar som bur eller mellombels har tilhald i kommunen, har rett til nødvendige helsetenester på same måten som andre som har tilhald i kommunen.

Omtale av tenesta

Målgruppe

Asylsøkjarar og flyktningar.

Innafor denne gruppa skal følgjande personar få spesiell merksemd og oppfølging:

  • personar fra område der det er høg risiko for bestemte infeksjonssjukdommar
  • personar som har vore utsette for tortur og anna alvorleg psykisk eller fysisk traumatisering
  • einslege personar utan familienettverk
  • barn og unge som kjem aleine til Noreg
  • gravide
  • einslege forsørgjarar
  • kvinner som har vore utsette for valdtekt og anna seksualisert vald

Kriterium

Asylsøkjarar og flyktningar som bur i eller har mellombels tilhald i kommunen.

Pris

Tenestene er gratis, med mindre det følgjer av lov eller forskrift at ein skal betale eit vederlag.

Kontaktinformasjon

Namn

Helse

Adresse

Postboks 4, 4747 Valle

Tlf

3793 7540

E-post

post@valle.kommune.no

Besøksadresse

Helsehuset 1. høgda, 4747 Valle

Ansvarleg eining

Helse

Søknadsprosess

Rettleiing

Det skal ikkje vere nødvendig å søkje om tenesta. Kommunen skal sjølv sørgje for at nykomne innflyttarar til kommunen eller nykomne asylsøkjarar og flyktningar i mottak får tilbod om helsetenester.

Klagemuligheit

Dersom du meiner at du ikkje har fått dei tenestene du har krav på, kan du ta kontakt med kommunen. Elles gjeld reglane i pasientrettigheitslova om høve til å klage, sjå kapittel 7.

Lover og retningsliner

Tjeneste - info 
Valle, Redaktør Sist oppdatert 11.07.2006 Tips ein venn om denne sia Tips ein venn Registrer ei elektronisk tilbakemelding Tilbakemelding Skriv ut denne sida Skriv ut
 
Andre tenester i kategorien 

Helse og legetenester

Untitled [3] 
Piktogram Turisme, Fotograf: Ove Kjetså, Copyright: Valle kommune Piktogram - Handel og næring -små bokstavar, Fotograf: Ove Kjetså, Copyright: Ove Kjetså Piktogram - Lag og organisasjonar, Fotograf: Ove Kjetså, Copyright: Valle kommune Piktogram - Om Valle, Fotograf: Ove Kjetså, Copyright: Valle kommune Piktogram - Miside