Psykiske helsetenester
Tenesta gir hjelp til heimebuande med psykiske lidingar. Det kan vere hjelp til å finne sosiale aktivitetar, råd og rettleiing, både til den sjuke og til pårørande, hjelp til medisinhandtering med meir.
Målgruppe
Heimebuande med psykiske lidingar.
Kriterium
Du må opphalde deg i kommunen. Søknaden blir vurdert opp mot ditt behov for tenesta.
Pris
Tenesta er gratis.
Namn
Helse
Adresse
Postboks 4, 4747 Valle
Tlf
3793 7540
E-post
post@valle.kommune.no
Besøksadresse
Helsehuset 1. høgda, 4747 Valle
Ansvarleg eining
Helse
Rettleiing
Du kan kontakte kommunen for å få hjelp til å søkje om psykiske helsetenester.
Søknadsfrist
Søknader blir behandla etter kvart som dei kjem inn.
Søknad sendast
Helse
Postboks 4, 4747 Valle
Handsaming
Det vil bli gjort eit vedtak. I vedtaket går det fram om du har fått tildelt tenesta eller ikkje, og kva tenesta eventuelt omfattar.
Kommunen har plikt til å behandle sak så snart som råd. Dersom saka ikkje kan avgjerast innan éin månad, skal du ha skriftleg svar om årsaka til det, med opplysningar om når ein meiner at vedtaket vil bli gjort.
Klagemuligheit
Du kan klage på vedtaket innan ein frist på tre veker frå du mottok vedtaket. Klaga sender du til den instansen som har gjort vedtaket. I klaga skal du føre opp kva du ønskjer endra i vedtaket og grunngje det. Kommunen vil kunne gje deg rettleiing.
Klageinstans er klagenemnda i kommunen. Før klaga blir sendt dit, skal den instansen i kommunen som gjorde vedtaket, vurdere om det er grunn til å endre det. Dersom vedtaket blir halde ved lag, vil saka bli sendt til den kommunale klagenemnda. Blir vedtaket halde ved lag der, kan du be om at klaga blir sendt vidare til Helsetilsynet i fylket.
Lover
Kommunen pliktar å sørgje for denne tenesta, jf. kommunehelsetenestelova § 1-3.
|
|
|
|