Støttekontakt
Støttekontakten tilbyr m.a. sosialt samvær etter behov og følgje til ulike fritidsaktivitetar. Er du ny brukar eller ikkje er sikker på kvar du bør vende deg, kontakt leiar Habilitering Marianne Solbakk Lye på tlf. 379 37 624/48 89 22 89
Målgruppe
Eldre, funksjonshemma og personar med sosiale problem.
Kriterium
Dei som ikkje kan dra omsorg for seg sjølve eller som er heilt avhengige av praktisk eller personleg hjelp for å greie dei daglege gjeremåla, har krav på bistand. Det er kommunen som i samarbeid med søkjaren bestemmer kva for tenester som skal gjevast, medrekna støttekontakt.
Pris
Tenesta er gratis.
Namn
Pleie og omsorg
Adresse
Postboks 4, 4747 Valle
Tlf
3793 7600
E-post
post@valle.kommune.no
Besøksadresse
Valle Bygdeheim, 4747 Valle
Ansvarleg eining
Pleie og omsorg
Rettleiing
Du kan kontakte kommunen for å få hjelp til å søkje om støttekontakt. Du har rett til å la næraste pårørande hjelpe deg med søknaden. Andre har også rett til å hjelpe deg. Det kan til dømes vere ein nabo. Då må du skrive ei fullmakt til vedkommande.
Ein kan og søkje munnleg over telefon, jf. Forvaltningslova § 11. Du /sakshandsamaren skal då notere det som blir sagt. I ettertid vil du bli beden om å stadfeste søknaden med ei underskrift.
Søknadsfrist
Søknader blir behandla etter kvart som dei kjem inn.
Handsaming
Det vil bli gjort eit vedtak. I vedtaket går det fram om du har fått tildelt tenesta eller ikkje, og kva tenesta eventuelt omfattar.
Søknadsbehandlingstid: Kommunen har plikt til å behandle saka så snart som råd. Dersom saka ikkje kan avgjerast innan éin månad, skal du ha skriftleg svar om årsaka til det, med opplysningar om når ein ventar at vedtaket vil bli gjort.
Klagemuligheit
Du kan klage på vedtaket innan ein frist på tre veker frå du mottok vedtaket. Klaga sender du til den instansen som har gjort vedtaket. I klaga skal du føre opp kva du ønskjer endra i vedtaket og grunngje det. Kommunen vil kunne gje deg rettleiing.
Det er ikkje krav om skriftleg klage. Instansen som gjorde vedtaket vurderer om det er grunn til å endre det. Dersom vedtaket blir halde ved lag, vil saka bli sendt til Fylkesmannen i Aust-Agder som er endeleg klageinstans
Lover
Kommunen pliktar å sørgje for denne tenesta, jf. sosialtenestelova § 4-2 c). Forvaltningsloven Sosialtjenesteloven
|
|
|
|