Folkemøte på Rysstad- Vil du vite kva politikarane i Valle meiner om oppvekst og andre tema?

Då kan du kome til soknehuset på Rysstad onsdag 28.august til eit stort folkemøte. Frå kl. 17.00 har partia stands i foajeen og 8.kl sel enkel mat, brus og kaffi.
Kl. 18.00 samlar vi oss til ein debatt om oppvekst i storsalen. Debattleiar er Odd Inge R. Uleberg, tidlegare journalist i Fædrelandsvennen, nå kommunikasjonsrådgjevar i Vennesla kommune. Utdanningsforbundet Valle har hatt møte med alle dei politiske partia og diskutert tre store spørsmål politikarane vil svare på denne kvelden. Alle som kjem kan stille spørsmål under debatten, eller levere spørsmål anonymt gjennom debattleiaren.
Etter tema oppvekst vil det bli anledning til å stille spørsmål om andre tema som næringsutvikling, buplikt, befolkningsnedgang osv. Alle som kjem vil få eit lodd, trekning av premiar og gåvekort til slutt.

Arrangør: UTDANNINGSFORBUNDET VALLE I SAMARBEID MED VALLE RADIO, FAU, FAGFORBUNDET OG ELEVRÅDET VED VALLE SKULE
: Soknehuset på Rysstad
Tid: onsdag 28. august 18:00