Vi handsamer arealplanar etter Plan- og bygningslova (PBL). Det vil seie kommuneplan, områdeplan og detaljreguleringar.

Her kan du lese meir om kva ein arealplan er, og korleis planarbeidet går føre seg. Om du vil sjå ein oversikt over planar under arbeid og på høyring finn du det under "Planarbeid og -kunngjeringar" til venstre på sida.

Under «Tilknytta element» på høgre side finn du lenker til dokument for å tinge oppstartmøte, og ein mal for kva som skal takast opp og refererast frå oppstartsmøtet.

Vi ønskjer at plankartet vert teikna med bruk av desse bokstavkodane som gjev unike namn på alle arealformål (dokumentet ligg også under tilknytta element).

Alle arealplanar i Valle kommune er digitalisert og lagt inn i planregisteret. Dette er tilgjengeleg på web via "Planinnsyn". Det er ei kartløysing der ein ser alle reguleringsplanane teikna inn i kartet. Ein kan søke på namn/delar av namn, med plan-id, eller med gnr/bnr for å finne planstatus for ein eigedom. Eller ein kan og zoome inn og klikke rett i kartet. Informasjon om planen kjem opp i venstre marg, og om ein trykker «Vis meir informasjon» får ein opp all informasjon om planen og også plandokument som vedtak, plankart og føresegner.

Viss du ønskjer å byggje noko anna enn det arealplanane legger opp til, må du søke om dispensasjon eller om endring av plan.

Jfr føresegner i arealdelen skal KU leggjast til grunn for utarbeiding av reguleringsplan. Du finn KU frå kommuneplanprosessen under.