Hylestadbarnehage_808

Barnehager i Valle kommune

Valle Kommune har to kommunale barnehagar. Hylestad barnehage ligg på Nomeland ved Hylestad Skule. Valle Barnehage ligg rett sør for Valle sentrum, attmed Valle Skule. 

Me arbeider for å tilby eit godt, variert og mangfoldig barnehagetilbod til alle som ynskjer det.

Barnehagane sitt innhald er variert og skal bidrage til vekst og utvikling. For oss er det viktig at barna kjenner tryggleik, glede og omsorg i barnehagen. Me ynskjer at barna skal oppleve at me har tillit til dei og ser på dei som kompetente menneskje. Me vil anerkjenne dei ved å lytte, bekrefte, vise forståing, aksept og toleranse for dei og deira meiningar.  Dei vaksne må vere sensitive ovanfor barna og gjeve dei rom.

Båe barnehagane har skogen som nabo og nyttar dette som ein stor del av det pedagogiske arbeidet. Barnehagane har besøk av ein kulturskulelærer som har kor med barna kvar veke.

Til høgre på sida finn du vedtekter og prisar.

På denne lenka finn du barnehagefakta for Valle kommune henta frå Utdanningsdirektoratet/barnehagefakta.no

Tips ein ven Skriv ut
Design: Tress Design AS - Programmering: CustomPublish AS