Hopp til hovedmenyen på siden Hopp til hovedinnholdet på siden

Bebuarparkering

Tenesteomtale

Bebuarparkering i eit gitt område skal gi betre parkeringstilhøve for dei som bur i området og som ikkje har private parkeringsmoglegheiter, som garasje.

Kommunen kan reservere parkering for parkerande som bur i området, eller for andre med særleg behov for slik parkering.

Mange kommunar krev eit gebyr for bebuarparkering. Det er kommunen som fastset gebyret.

Når ei ordning med bustadsoneparkering er innført, skal kommunen følgje opp situasjonen i tilliggjande område. Etterspurnaden etter parkering kan bli forskyvd til andre, nærliggjande område.

Innanfor ei bustadsone kan ein framleis reservere plassar for spesielle formål. Det kan gjelde for eksempel HC, bildeling, El- og Hy-drivne bilar. Slike plassar kan ein ikkje nytte med vanleg bebuarkort.

Kriterium/vilkår

Du må søkje kommunen for å få eit parkeringsløyve. Når du har fått løyve i form av eit parkeringskort, skal kortet plasserast godt synleg bak frontruta.

Dersom noko endrar seg som kan ha noko å seie for løyvet du har fått, har du plikt til å informere kommunen om det.

Lover

Sjå vegtrafikklova § 8 og parkeringsforskriften § 29 og § 30.

Vegtrafikkloven
Parkeringsforskriften

Saksbehandling

Kommunen skal innhente dei opplysningane som er nødvendige for å avgjere saka. Deretter blir det gjort eit vedtak. Til vanleg får du ei grunngjeving samstundes med vedtaket. Du får alltid ei grunngjeving dersom ein trur at du blir misnøgd med vedtaket. Dersom grunngjevinga ikkje følgjer med, kan du få ho ved å vende deg til kommunen før klagefristen for vedtaket går ut.

Saksbehandlingstid

Kommunen skal behandle saka så snart som mogleg. Dersom saka ikkje kan avgjerast innan éin månad, skal du ha skriftleg melding om grunnen til det. Du skal samstundes få opplyst når ein ventar at vedtaket blir gjort.

Høve til å klage

Dersom du er misnøgd med vedtaket, kan du klage til kommunen innan ein frist på tre veker frå du tok imot det. Forklar kva du er misnøgd med og kvifor du meiner at vedtaket bør endrast. Treng du rettleiing, kan du vende deg til kommunen. Dersom kommunen lèt vedtaket stå, blir saka send vidare til klagenemnda i kommunen, som avgjer om klagen skal takast til følgje.

Tjenesten oppdatert: 25.09.2017 19:19