Alle kommunar kan verte råka av katastrofar og kriser som kan få omfattande skadeverknader på menneske, miljø og materielle verdiar. Viktige funksjonar som t.d. vass- eller straumforsyning er sårbare i høve til ekstraordinære hendingar. Ved å førebu seg på å handtere slike hendingar, kan kommunen redusere konsekvensane monaleg.

Ein kommunal plan for å handtere ulykker og katastrofer er eit naudsynt hjelpemiddel for å kunne reagere rasjonelt og effektivt i kritiske situasjonar. Det er kommuneleiinga sitt ansvar å sjå til at ein er godt nok budd på slike hendingar.

I Setesdal har ein i samarbeid mellom kommunane og Fylkesmannen laga ei ROS-analyse (risiko og sårbarheitsanalyse) for dei mest aktuelle hendingane. Denne analysa er lagt til grunn for plan for kriseleiing i kommunane. Vidare vert det gjennomført øving og tilsyn i fagfeltet frå Fylkesmannen for å sikre at ein er best mogleg budd når krisa oppstår.

 

Skal du planlegge for eit stort arrangement?
Bruk vårt planleggingsskjema. Du kan fylle ut på skjerm. Deretter lagrar du det ferdige skjemaet på din eigen pc og sender det til Torleif.homme@valle.kommune.no  

 Skjemaet finn du her