For å få eit godt kunnskapsgrunnlag og sikre ei god forankring legg verneområdestyret vekt på god dialog med ulike interesser og brukargrupper. Det vert med dette beden inn til tre regionale møte. Føremålet med desse er å få konkrete innspel på informasjons- og tilrettelegggingstiltak. I tillegg få eit oversyn over planlagde tiltak i regi av ulike aktørar med sikte på ei god samordning.
 
Datoane før møta er som følgjer. De vel sjølv kva møte som høver best ut frå tid og stad:
 
1. Møte i Forsand, Forsand rådhus 22. november kl. 18.00 – 20.00
2. Møte i Kvinesdal, Kvinesdal rådhus 29. november kl. 18.00 – 20.00
3. Møte i Valle, Valle rådhus 7. desember kl. 18.00 – 20.00
 
Opplegget for møta vil i korte trekk vera som følgjer:
 
Velkomen v/repr. frå verneområdestyret
Kort gjennomgang av arbeidet med besøksstrategi v/verneområdeforvaltar
Drøfting kring borda; aktuelle informasjons- og tilretteleggingstiltak
Gjennomgang i plenum
- Oppsummering og vegen vidare
 
For meir utfyllande informasjon sjå vedteken prosjektplan samt rettleiar frå Miljødirektoratet:
http://www.nasjonalparkstyre.no/svr/Nytt/Prosjektplan---Besoksstrategi-for-SVR/
http://www.miljodirektoratet.no/Documents/publikasjoner/M415/M415.pdf
 
Det vert ei enkel servering.
 
Håper mange har høve til å sette av kvelden. Ver vennleg å gi Jørn Haug, Verneområdeforvaltar SVR Tlf. 952 07 083 attendemelding om kva møte de kjem på.
 
Møta er mynta på reiselivsbedrifter, reiselivsorganisasjonar, friviljuge organisasjonar,  grunneigarorganisasjonar/samanslutningar mv.
 
Frist ei veke før det einskilde møtet.