Endeleg kan alle som har underskreve kontrakt om tilgang til meirope bibliotek bruke denne   moglegheita. Då kan dykk komma hit kvar dag, frå kl. 0700 om  morgonen til kl. 2300 om kvelden. Dette vil ikkje minst vera flott for studentar som kan nytta staden til studiar og for alle som ynskjer å gjera noko kjekt saman med borna i  helgene.

Dei bemanna opningstidene vil vara som før.

Bemanna opningstider fom. veke 36:

Måndag

11:30-16:00

Tysdag

11:30-16:00

Onsdag

11:30-19:00

Torsdag

09:00-16:00

Fredag

11:30-16:00

 

Har du ikkje fått skreve kontrakt, så er det bare å komma innom i den bemanna  opningstida.

Me gjer merksam på at lokala er videoovervåka, så alle skal vera klar over det.

Bibliotekpersonale er til stades i dei faste opningstidene, og ved behov, til dømes om skuleklassar, barnehage eller andre skal vitje biblioteket, eller ved andre aktivitetar. Ta kontakt på valle.bibliotek@valle.kommune eller telefon 945 03 280.                                                                                                                            

Biblioteket er ein møteplass for menneske i alle aldrar. Her kan du i tillegg til å låne bøker og filmar også lese aviser og ulike tidsskrift, arbeide med lekser og studiar, få generell informasjon om kommunen eller berre stikke innom, kjøpe deg ein kopp kaffi og treffe andre for ein prat. I tillegg kan du sjølvsagt delta på ulike arrangement og aktivitetar – informasjon om desse finn du på våre facebookside Valle folkebibliotek. I biblioteket har vi også eit eige rom med litteratur og utstilling knytt til forfattaren Paal-Helge Haugen, og romet på hemsen er spesielt for ungdomar. Valle frivilligsentral ved Sondre Rua Dokken kan du treffe torsdagar kl. 09:00-16:00.

 
Bibliotektenesta:
Vi har eit godt utval av tidsskrift, lydbøker og filmar for alle, og vi har fleire bøker enn du nokon gong vil klare å lese.
Du kan søkje på Valle folkebibliotek for å sjå om vi har det du er ute etter. Har vi det ikkje, kan vi skaffe det frå andre bibliotek (fjernlån).
Du kan også søkje i Biblioteksøk og sjølv tinge bøker o.a. om du har nasjonalt lånekort og pinkode.
Bøker lånt på Valle folkebibliotek kan leverast kvar som helst i Noreg. Vi returnerer bøker du har lånt på andre bibliotek.
E-bøker kan du få lånt gjennom bokbasen vår og ebokbib
Digitale basar: Tilbod i Aust-Agder for bibliotekbrukarar som sit heime på eigne datamaskiner. Dette gjeld Atekst (få brukarnamn og passord frå bibliotek i Aust-Agder) og Ecyclopedia Britannica (nasjonalt lånekort frå bibliotek i Aust-Agder, N + 9 siffer). På biblioteket får du og tilgang til Idunn og Ordnett.
Vi tilbyr nybyrjarhjelp i data.
 
 
Vi har SETESDØLEN.
 
Nyttige lenker samla: