Valle bibliotek ynskjer å tilby våre innbyggjarar å låne bøker i perioden biblioteket held stengt. For å låne kontaktar du biblioteksjef Aud Kjersti Torbjørnsen på tlf. 945 03 280 eller epost måndag-fredag. Du kan også bestille via messenger på biblioteket si facebookside. Oversikt over kva du kan låne finn du i bibliotekkatalogen vår, HER.

Du kan hente bøker på biblioteket mellom 1300 - 1600, eventuelt kan vi avtale heimkøyring.

Dette har vi fått godkjent frå kriseleiinga i Valle kommune. Ordninga gjeld kun for våre eigne innbyggjarar. Det er ikkje fare for spreiing av virus – vi vaskar hender og bruker i tillegg eingongshanskar. Inntil vidare tek vi ikkje imot innlevering av bøker, men dersom biblioteket blir stengt over lengre tid, vil vi kome tilbake til korleis vi ønskjer bøker levert inn igjen.