Hopp til hovedmenyen på siden Hopp til hovedinnholdet på siden

Bompengar - privat veg

Tenesteomtale

Kommunen kan gje samtykke til at eigarar av privat veg kan krevje inn bompengar for å bruke vegen. Kommunen fastset storleiken på avgifta og kan gje vilkår for bruken av bompengane. Kommunen fastset òg om det skal krevjast tilleggsavgift når bompengane ikkje blir betalte, og storleiken på tilleggsavgifta.

Kriterium/vilkår

Kommunen vurderer om det er rimeleg å krevje bompengar og ser det opp mot

  • omfanget av ferdselen
  • slitasjen
  • kostnadene ved vedlikehald
  • storleiken på bompengebeløpet

Alternativet er at utanforståande ikkje får lov til å bruke vegen. Det blir skilt mellom dei brukarane som nyttar privatvegen for tilkomst til eigedommane sine, og dei som er på besøk eller ikkje har fast tilknytting til vegen.

Lover

Sjå spesielt veglova § 56.

Forvaltningsloven
Veglova

Rettleiing - korleis få utført
eller motta tenesta

Søknad om samtykke til å krevje bompengar av utanforståande blir fremja av vegeigaren eller veglaget, det vil seie dei som eig vegen og held han i stand. Kommunen kan gje rettleiing.

Saksbehandling

Kommunen skal innhente dei opplysningane som er nødvendige for å avgjere saka. Deretter blir det gjort eit vedtak. Til vanleg får du ei grunngjeving samstundes med vedtaket. Du får alltid ei grunngjeving dersom ein trur at du blir misnøgd med vedtaket. Dersom grunngjevinga ikkje følgjer med, kan du få ho ved å vende deg til kommunen før klagefristen for vedtaket går ut.

Saksbehandlingstid

Kommunen skal behandle saka så snart som mogleg. Dersom saka ikkje kan avgjerast innan éin månad, skal du ha skriftleg melding om grunnen til det. Du skal samstundes få opplyst når ein ventar at vedtaket blir gjort.

Høve til å klage

Dersom du er misnøgd med vedtaket, kan du klage til kommunen innan ein frist på tre veker frå du tok imot det. Forklar kva du er misnøgd med og kvifor du meiner at vedtaket bør endrast. Dersom du treng rettleiing, kan du vende deg til kommunen. Dersom kommunen lar vedtaket stå, blir saka sendt vidare til kommunens eige klagenemnd, som avgjer om klagen skal takast til følgje.

Tjenesten oppdatert: 25.09.2017 19:26