Før de gifter dykk, må Skatteetaten sjekke om de oppfyller vilkåra for å inngå ekteskap, såkalla prøving av ekteskapsvilkår. Frå juni 2018 kan du søkje om prøving av ekteskap digitalt. Behandlingstida er likevel 2-3 veker, så ver ute i god tid før bryllaupet

 
Skjema som skal fyllast ut er desse:
  • Eigenerklæring
  • Forlovarerklæring
  • Erklæring om skifte, dersom du har vore gift tidlegare
  • Melding om endring av namn, dersom du skal skifte namn.
Skjema og rettleiing finst på skatteetaten.no.
 
Skatteetaten skriv ut ein såkalla prøvingsattest, som viser at de oppfyller vilkåra for å inngå ekteskap.
 
Etter at de har fått prøvingsattesten kan de sende den på e-post til post@valle.kommune.no  og legge til 
følgjande informasjon:
  • Dato og klokkeslett for når de ynskjer vigsel (helst måndag-fredag mellom 10.00 - 14.00, men andre tidspunkt kan imøtekomast i særskilte høve)
  • Tal på gjestar under seremonien
Vigsel går føre seg i kommunestyresalen og har plass til 30+ gjester.
Når vi har motteke "bestilling" på vigsel vil sakshandsamar, saman med vigslar (stort sett ordførar), sende ut ei stadfesting på tidspunkt for vigsel til det komande brudeparet.
 

De må ha to vitne, og dei må vere til stades under seremonien. Vitna er gjerne forlovarane. Brudepar og vitner/forlovarar må ha med seg gyldig legitimasjon ved oppmøte den dagen vigsel skal gå føre seg.

I sjølve seremonien nyttar ein «Det borgarlege vigslingsformularet», som er ein tekst som vigslaren les opp. Seremonien kan deretter bli tilpassa med til dømes tekst og musikk ut over dette etter ynskje. Men merk at det er opp til kommunen å vurdere kva dei vil tillate av ekstra innhald.

Kommunen sender deretter ei vigselsmelding til Folkeregisteret innan tre dagar etter bryllaupet. Samstundes får de ein kopi. Han fungerer som midlertidig vigselsattest inntil de får den endelege i posten frå Folkeregisteret. 

Retningslinjer for kommunale vigsler i Valle kommune:

  1. Ordførar, varaordførar og rådmann vier ved borgarleg vigsel i Valle kommune.
     
  2. Tilbodet er ope for alle.
     
  3. Avtale om slik vigsel må inngås i god tid, seinast tre veker i forkant. Det er ein føresetnad at brudeparet har innhenta prøvingsattest før avtale vert inngått.
     
  4. Vigsel skjer i utgangspunktet i kommunestyresalen i opningstida. Anna kan avtalast spesielt i kvart enkelt høve.
     
  5. Tilbodet er gratis så lenge vigsel skjer i kommunen sine lokalar i opningstida.
  • Dersom vigsel skal skje i anna lokale der det må betalast leige, må brudeparet sjølv dekke leiga.
  • Dersom brudeparet ynskjer pynt ut over det kommunen tilbyr, må dei ordne og betale dette sjølv.
  • Ved vigsel på laurdag eller utanfor ordinær opningstid, skal det betalast eit gebyr på kr 1000,-.
  • Ved andre ynskje kan kommunen krevje gebyr tilsvarande ekstrakostnader.
  • Ved vigsel for innbyggjarar i andre kommunar skal det betalast kr. 1000,- i dokumentkostnader.

 6.   Det administrative ansvaret for vigselsordningen delegerast til Rådmannen.

Har de spørsmål i høve dette kan de ta kontakt med sakshandsamar Gunn Marith Homme på telefon 37937520 eller 91837000.

For meir informasjon kan de sjå desse lenkene:

Ekteskapslova
Forskrift om registrering og melding om vigsel
Forskrift om kommunale vigsler
Vegen til ekteskap - steg for steg