Hopp til hovedmenyen på siden Hopp til hovedinnholdet på siden

Bruksendring

Tenesteomtale

Dersom du ønskjer å få gjennomført eit tiltak som medfører bruksendring av bustaden/bygningen din, må du søkje kommunen om løyve. Det betyr at tiltaket ikkje kan setjast i gang før du har fått løyvet frå kommunen. Eit unntak frå denne regelen er når bygningen er skada i brann, flom eller anna akutt hending (sjå Sikring og rehabiltering av bygg). 

Ei rein endring i bruk utan bygningsmessige endringar kan òg vere søknadspliktig. Eit døme kan vere eit uthus som blir teke i bruk som anneks. Søknaden må utformast av eit firma som har kompetanse til å gjennomføre ein søknadsprosess (ansvarleg søkjar)). Det kan til dømes vere ein byggmeister, entreprenør eller arkitekt. Bruksendring frå tilleggsdel til hovuddel innanfor den same brukseininga (til dømes å gjere om ei kjellarbu til kjellarstove) kan du søkje løyve om sjølv utan å engasjere eit firma. (Sjå Mindre byggjetiltak på eigedom som det er bygt på).

I særlege tilfelle kan kommunen etter søknad gje deg personleg ansvarsrett. Det betyr at du gjennomfører tiltaket sjølv (er sjølvbyggjar). For å vere sjølvbyggjar må du godtgjere at du er i stand til å utføre det arbeidet du har søkt om å få gjere sjølv (sjå Sjølvbyggjar).

Målgruppe

Hus- og bygningseigarar

Kriterium/vilkår

For å kunne setje i gang tiltaket må søknaden, og eventuelt søknad om dispensasjon frå gjeldande reglar og planar, vere godkjend av kommunen. Desse vilkåra må vere oppfylde:

  • Nabovarsling må vere gjort 
  • Tiltaket må oppfylle alle relevante byggtekniske krav
  • Tiltaket må ikkje vere i strid med arealdelen i kommuneplanen eller reguleringsplanen

Pris for tenesta

Du betalar eit gebyr for saksbehandlinga.

Lover

Sjå
Plan- og bygningsloven § 20-9, kapittel 21 og kapittel 29
Byggesaksforskriften § 2-1 og § 4-4
Byggteknisk forskrift kapittel 9

Byggteknisk forskrift (TEK17)
Byggesaksforskriften (SAK 10)
Forvaltningsloven
Plan- og bygningsloven

Rettleiing - korleis få utført
eller motta tenesta

Dersom du ikkje kan søkje sjøl (sjå omtalefeltet), må du ta kontakt med eit firma som kan stå ansvarleg for heile søknadsprosessen. Firmaet vil bli ståande som ansvarleg søkjar og sender søknaden på dine vegner. Det vil fungere som bindeledd mellom deg som  tiltakshavar (byggherre), kommunen og andre ansvarlege som skal hjelpe med å gjennomføre tiltaket.

Saksbehandling

Dersom søknaden er fullstendig og tiltaket ikkje er i strid med føresegnene etter plan- og bygningslova med forskrifter, skal kommunen gje løyve innan ein fastsett frist (sjå under). Søkjaren og dei som eventuelt har kome med merknader, får eit skriftleg vedtak. Du får alltid ei grunngjeving dersom ein meiner at du blir misnøgd med vedtaket.

Saksbehandlingstid

Ein søknad om løyve som ikkje medfører dispensasjon frå vilkåra, skal avgjerast av kommunen innan tolv veker. Byggjesaksgebyret skal reduserast med 25 % for kvar nye veke tidsfristen overskridast.

Dersom det i tillegg ikkje har kome merknader frå naboar/tverrbuarar og fråsegner frå ei anna myndigheit ikkje er nødvendig, skal kommunen avgjere saka innan tre veker. Dersom kommunen ikkje har avgjort søknaden innan fristen går ut, reknast løyvet for gjeve såfram at det du søkjer om, ikkje er i strid med gjeldande reglar og planar. 

Kommunen kan forlengje desse fristane dersom saka er særleg komplisert, krev ekstra politisk avklaring eller løyve/samtykke frå andre myndigheiter. Dersom fristen blir forlenga, skal søkjaren få melding om dette så fort det blir klart at fristen ikkje vil bli halden.

Høve til å klage

Dersom du er misnøgd med vedtaket, kan du klage til kommunen innan ein frist på tre veker frå vedtaket er teke imot. Du vel sjølv om du vil at ansvarleg søkjar (eller til dømes ein advokat) skal fremje klaga for deg. Forklar kva du er misnøgd med og kvifor du meiner vedtaket bør endrast. Dersom du treng rettleiing, kan du vende deg til kommunen. Lèt kommunen avgjerda bli ståande, blir saka sendt vidare til Fylkesmannen, som avgjer om klaga skal takast til følgje.

Tjenesten oppdatert: 25.09.2017 19:29