Vi handsamar alle typer byggesaker, og fører tilsyn med at plan- og bygningsloven fylgjast i kommunen.

Det finnes ulike regler og fremgangsmåter avhengig av kva du skal bygge. Finn din type byggesak og informasjon på høgre side.

 

1. juli 2015 vart byggjereglane forenkla. Du kan no byggje mindre prosjekt utan å søkje om byggjeløyve. T.d. låg tarasse, og garasje på inntil 50 m2 eller eit tilbygg på 15 m2 på visse vilkår.

Dei nye byggjerelane gjer det lettare å kome i gong, men du får og meir ansvar då du sjølv er ansvarleg for å halde deg innanfor lova. Direktoratet for byggkvalitet har laga ein rettleiar som du kan nytte for å sjå om ditt prosjekt er omfatta av dei nye byggjereglane.  Du finn rettleiaren og mykje nyttig informasjon her.

For nærare avklaring av rammer og innhald i tiltaket kan det haldast førehandskonferanse mellom tiltakshavar, kommunen og andre berørte fagmyndigheiter. Andre berørte parter kan også innkallast. Førehandskonferanse kan krevjast av tiltakshaver eller plan- og bygningsmyndigheitene.

 

Raskart.
Valle kommune har kartlagt rasfarlege område med fast busetting. Du finn rapporten frå NGI og karta som pdf nedanfor.  På denne lenka  finn du oversyn over områda i kartløysinga "kommunekart"

                                                          

Flaumvurdering i Valle sentrum

I samband med rullering av kommuneplanen i 2016 vart det gjort ei oppdatering av tidlegare flomsonekartlegging for 200 års flom ved Valle sentrum langs Otra. På denne lenka  finn du oversyn over områda i kartløysinga "kommunekart". Rapporten frå undersøkelsen finn du nedanfor.