Hopp til hovedmenyen på siden Hopp til hovedinnholdet på siden

Dagmamma - godkjenning

Tenesteomtale

Dersom du ønskjer å vere dagmamma for tre born eller fleire og kvar veke tilby opphaldstid på ti timar eller meir regelmessig, må du ha godkjenning av kommunen.

Verksemda skal ta omsyn til helsa og trivselen til borna. Det blir mellom anna stilt krav til

  • utforminga og innretninga av lokala 
  • moglegheiter for aktivitet og kvile 
  • reingjering og vedlikehald 
  • inneklima

Målgruppe

Personar som ønskjer å starte dagmammaverksemd

Kriterium/vilkår

  • Det skal vere tre eller fleire born (inkludert eventuelle eigne born) 
  • Opphaldstida er ti timar eller meir i veka
  • Verksemda er regelmessig
  • Det blir tatt betalt for tilsynet

 

Samarbeidspartnarar

Foreldre som ønskjer dagmamma for sitt barn, har nytte av å vite om ei aktuell dagmamma er godkjend av kommunen og eventuelt vere pådrivar for å framskaffe ei slik godkjenning.

Rettleiing - korleis få utført
eller motta tenesta

Ta kontakt med kommunen for å få meir informasjon om korleis du skal søkje om godkjenning. Søknaden bør innehalde ei kort utgreiing for korleis verksemda vil etterleve dei ulike føresegnene i forskrifta.

Saksbehandlingstid

Kommunen har plikt til å behandle saka så snart som mogleg. Dersom saka ikkje kan avgjerast innan éin månad, skal du ha skriftleg svar om årsaka til det, med opplysningar om når ein ventar at vedtaket vil bli gjort.

Høve til å klage

Du kan klage på vedtaket innan ein frist på tre veker frå du tok imot det. Klaga sendar du til den instansen som har gjort vedtaket. I klaga skal du føre opp kva du ønskjer endra i vedtaket og grunngje dette. Kommunen vil kunne gje deg rettleiing. Klageinstans er Fylkesmannen. Før klaga blir sendt dit, skal den instansen i kommunen som gjorde vedtaket, vurdere om det er grunn til å endre det.

Tjenesten oppdatert: 28.09.2017 13:47