25.03.20 gjekk regjeringa ut med informasjon om at alle eksamenar for 10. klasse er avlyst våren 2020.

Dette vil ikkje få store konsekvensar for elevane. Dei vil likevel få vitnemål som dei kan nytte når dei søkjer på vidaregåande skule. På vitnemålet vil det stå at eksamen er avlyst. Dette har skjedd tidlegare, mellom anna ved streik.

I tida framover er det viktig at elevar og lærarar sørger for at vurderingsgrunnlaget er best mogleg slik at ein sikrar at alle får standpunktkarakterar i faga og at dei vert så riktige og rettferdige som mogleg.

Krava til å sette standpunktkarakter før eksamen fell bort. Det betyr at skulen kan sette standpunktkarakterane heilt mot slutten av skuleåret.