Kven kan få tilskot?

Bedrifter som er registrert i Valle kommune og som har eit omfang på minimum 50% stilling.

Søkjaren må ha dei kvalifikasjonar som det er krav om for å kunne etablere omsøkte verksemd. (eks. fagbrev, erfaring osb.) Søkjaren må vidare kunne dokumentere å ha ein tilfredsstillande personlig økonomisk situasjon i dei tilfelle kommunen finn det naudsynt.

Krav til prosjektet.

• Ved nyetablering vert det berre gjeve stønad til prosjekt som gjennom dokumentasjon kan sannsynleggjere at det vert etablera varige og lønsame arbeidsplassar i Valle kommune. Primært bør det vere tale om minst ei 50% stilling, men i særtilfelle kan ein vurdere stønad også til mindre tilleggsnæringar.

• Tilsvarande krav må stillast til eksisterande verksemder.

• I tillegg må verksemda gjennom rekneskap og budsjett kunne dokumentere tilfredstillande økonomi om kommunen krev det.

• Det må også kunne gjevast tilskot til tiltak som trygger eksisterande arbeidsplasser.

• Det kan ikkje gjevast stønad til ordinær drift.

• Det må visast varsemd med å gje stønad til tiltak som verker konkurransevridande eller til bransjar som har overetablering. Likheitsprinsippet bør likevel stå sterkast.

• Det skal i regelen ikkje gis tilskot til etablering av næringsverksemd tilknytt bustad, unnateke evt. etablerertilskot.

• Tilskot til bedriftsutvikling, kompetanseheving og innovasjon vert prioritert.

 

Kor mykje kan ein få i tilskot?

Samla støtte frå det kommunale fondet til private næringsformål skal som hovudregel ikkje overstige 30% av prosjektet sitt kapitalbehov.

(I særskilte høve og ved prosjekt som har særleg verdi for ungdomsarbeidsplassar, kan det løyvast inntil 50%).

Samfinansiering.

• Før det vert søkt om lån eller tilskot frå Valle kommune skal alle andre sentrale eller regionale støtteordningar vere forsøkt/vurdert. For tida er gjeldande praksis er at Valle kommune og Setesdal regionråd tek saker under kr 200.000,- i støtte og Innovasjon Norge tek større saker.

Samla offentleg støtte skal i regelen ikkje overstige 50% av samla kapitalbehov.

Stønaden skal vere avgrensa til maksimumsgrensene i høve EØS – for tida lik 200.000 Euro innan 3 år. Her skal ein rekne med tilskot frå alle offentlege instansar.

Kva kan ein få støtte til?

A. Ved nyetableringar og samarbeidsprosjekt kan det gjevast inntil 50% tilskot til marknadsføringstiltak. Tilskotet vert berre gjeve til faktiske kostnader. Eigeninnsats, tapt arbeidsforteneste osb. vert ikkje medrekna.

B. Ved etableringar med kostnadsramme lågare enn minstegrensa for tilskot frå Innovasjon Norge kan det gjevast eit etableringstilskot på kr. 25.000.-Tilskotet skal utgjere maks 50% at dei totale investeringane med etableringa. Tilsvarande tilskot kan gjevast til etableringar der prosjektets kostnader ikkje kvalifiserer til lån og tilskot frå andre ordningar. Endring av selskapsform vert ikkje rekna som etablering og skal ikkje vere grunnlag for tilskot.

D. Til mindre forundersøkingar, marknadsundersøkingar, konsulenthjelp eller liknande, kan det gjevast eit tilskot på inntil kr.12.000.-. Beløpet skal nyttast til dekning av faktiske kostnader. Eigeninnsats, tapt arbeidsforteneste o.l. vert ikkje medrekna. Dette kan handsamast administrativt, og takast då frå dei 100.000,- som næringsansvarleg disponerer administrativt. Større forprosjekt vert å vurdere særskilt.

E. Investeringar i infrastruktur som kjem fleire verksemder eller ei heil næring til gode skal prioriterast.

Det skal ikkje gjevast tilskot til forbruksmateriell, råvarer, rullande materiell eller tradisjonelt landbruksutstyr. Det vert heller ikkje gjeve stønad til oppussing, fornying av maskiner og utstyr som må skiftast ut som ein naturleg del av drifta.

 

Korleis søkjer eg?

Søknaden skal vere skriftleg og må innehalde tilstrekkeleg opplysningar for å kunne vurdere søknaden. Kva vil du gjere? Grunngjeving?, enkel forretningsplan. Næringsrådgjevar kan opplyse nærare undervegs.

Kven fattar vedtak i saka?

Næringsrådgjevar skriv eit saksdokument. Formannskapet handsamer saka og fattar vedtak.

Utbetaling

• Tilskot vert utbetalt etterskotsvis mot revisorbekrefta rekneskap - eventuelt rekneskapsførar, eller med kopi av bilag.

• Om kostnaden vert lågare enn i grunnlaget for tilsegn, vert tilskotet redusera tilsvarande.

• Tilsegn om tilskot fell bort om det ikkje er gjort krav om utbetaling innan 2 år. Fristen kan forlengast etter søknad.

Tilbakebetaling av tilskott. Dersom bedrift som har fått tilskot blir avvikla innan tre år frå tilskot er gjeve kan Valle kommune krevje tilbakebetalt tilskot med 30% for kvart år.

 
Du kan  søke informasjon på Bedin om emne som er viktige når du etablerer eigen bedrift. På nettsidene til Innovasjon Norge finn du oversyn over finansieringsmoglegheiter for di etablering.