1. Beverforvaltninga i Valle skal gjennomførast slik at ein har en sunn og levedyktig bestand som grunnlag for naturopplevelingar og jakt-/fangstutøving. Det skal også leggast vekt på at beveren med sin bygging av demningar er en “vassdragsregulant” med stor verknad for det biologiske mangfaldet. Samtidig må bestandsstørrelsen balansere slik at skadane beveren kan påføre eigendomar haldast på et akseptabelt nivå. 

2. Forvaltninga skal leggje til rette for eit forsvarlig uttak der jakttrykket blir variert og mest rettast mot dei områda der beveren gjer skade. Samtidig bør beveren skattast tilstrekkelig i hovudvassdraga slik at en unngår at to-åringane utan unntak må etablere seg i nye områder utanfor hovudvassdraga, med det skadepotensialet det fører med seg. Det er følgelig eit mål at beverbestanden i størst mogleg grad regulerast gjennom ordinær jakt/fangst, slik at skadefellingsforskrifta i minst mogleg grad kjem til nytte.  

Følgande forslag til forskrift om forvaltning av bever i Valle kommune leggjast på høring;

§ 1. Det er adgang til jakt/fangst av bever på alle eigedommar som er knytt til et vald for hjortevilt i Valle kommune, innanfor jakttida for arten fastsatt i forskrift om jakt- og fangsttider.  

§ 2. Beverjakta er kvotefri for alle hjorteviltvald med areal over 10.000 dekar. Godkjente hjorteviltvald med areal under 10.000 dekar får årlig tildelt kvote. Slik kvote skal fastsettast av kommunen innan 15. juni det enkelte år.  


§ 3. Denne forskrift trer i kraft straks.