Lotteri og stiftelsestilsynet

Lotteri- og stiftelsestilsynet skal fordele 1,2 milliard kroner i momskompensasjon til frivillige lag og organisasjonar i 2014. Det er viktig å merke seg at underledd skal søkje via sitt sentralledd. I år vil difor søknader frå underledd som kjem direkte til Lotteri- og stiftelsestilsynet bli avvist. Tidlegare har vi lagt desse til sentralleddet sin søknad, men det blir ikkje gjort frå og med i år.
 
Mange som ikkje søkjer.
Erfaringar frå tidlegare år viser at det finnast mange lag og organisasjonar som ikkje søkjer om momskompensasjon. Dette er ofte lokale eller regionale ledd under sentrale frivillige organisasjonar som for eksempel Noregs Idrettsforbund (NIF), 4H Noreg, Noregs Musikkorpsforbund, Noregs Raude Kors og Noregs Jeger- og Fiskerforbund. Slike såkalte underledd skal sende inn søknad gjennom sentralleddet sitt.
 
Vi ønskjer å nå fleire.
Det er også ein del enkeltståande lag og organisasjonar som ikkje søkjer, for eksempel organisasjonar som driv frivillig arbeid innanfor innvandrergrupper og andre lokale foreiningar.
 
De kan lese meir om regelverket for momskompensasjon til frivillige organisasjonar på nettsidene våre www.momskompensasjon.no. Her finn de også søknadsskjema. Dersom de lurer på noko, ta kontakt pr. e-post postmottak@lottstift.no eller telefon 57 82 80 00.
 
Minstegrenser
For enkeltståande søkjarar er det minstegrenser. Etter den forenkla søknadsmodellen er minstegrensa 200 000 kroner i totale driftskostnader, medan minstegrensa etter dokumentert søknadsmodell er 14 000 kroner i søknadsberettiga meirverdikostnader.
Underledd slepp å ta hensyn til minstegrensene fordi dei vil inngå i søknaden frå sentralleddet.
 
Søknadsfrist.
Frist for å søkje til Lotteri- og stiftelsestilsynet er 1. september kvart år og utbetaling i midten av desember. 
Sentralledd set eigne fristar for innrapportering frå underledda sine. Sjå den aktuelle organisasjonens nettsider, eller ta kontakt med sentralleddet for nærare informasjon.