Fysioterapitenesta
Tenesta er ein del av helsetilbodet i kommunen. Fysioterapeutar jobbar med førebyggjande helsearbeid, habilitering, rehabilitering og tilbyr undersøking, behandling, trening og tilrettelegging til menneske som har utfordringar knytt til bevegelse og aktivitet.

Vi arbeider saman med deg for å finna tiltak og gode løysningar. Målet er at du skal meistra kvardagen din best mogleg.

Fysioterapeutar har rett til å undersøke og behandle utan tilvising frå lege og anna helsepersonell.

Fysioterapitenesta har tre behandlingsstader; Valle, Bykle og Hovden.

Fysioterapeutane vil ved behov kunne gi behandling frå andre behandlingsstader enn der dei i det daglege har sitt kontor.

Kenneth Fyhn er tenestekoordinator for fysioterapitenesta.