Hylestad-skule-2016

Grunnskulen i Valle kommune

Valle kommune har to skular.

Hylestad skule er ein 1 - 7 grunnskule med omlag 50 elevar i skuleåret 2016/17. Skulen ligg på Nomeland, like nord for Rysstad. Hylestad skule har fine lokaler og eit flott uteområde med leikeappart, fotballbane, ballbinge og eit stort skogsområde, med god plass til leik og læring.

Valle skule er ein 1 - 10 grunnskule, med omlag 110 elevar i skuleåret 2016/17. Det er eit barnetrinn med 54 elevar, og eit ungdomstrinn med 56 elevar. Hausten 2013 flytta barneskulen inn i heilt nye lokaler. Både barne- og ungdomskulen framstår som fin og moderne. Uteområde har leikeapparat og ballbinge. Like ved skulen er det ein stor fleirbrukshall med treningsrom, symjehall, ungdomsklubb og skytebane.

OPPSTART SKULE OG SFO I VALLE KOMMUNE ER TORSDAG 17. AUGUST

Hylestad skule kl. 08.20 Valle skule: Kl. 08.30
SFO er stengt 14., 15. og 16.august. 

 

nullmobbing.png

 

 

 

 

 

 

Tips ein ven Skriv ut
Design: Tress Design AS - Programmering: CustomPublish AS