Hopp til hovedmenyen på siden Hopp til hovedinnholdet på siden
error_outline03. mars kl. 15:25

Orientering om koronaviruset - oppdatert 02.04.2020 kl. 17.10

Kriseleiinga har hatt statusmøte i dag 02.04.202. Ingenting nytt sidan sist møte anna enn at vi har bestilt smittevernutstyr til å ha på lager som blir levert truleg før påske. Kriseleiinga er i beredskap gjennom påska om det skulle skje endringar.

ALLE tiltak i høve koronasituasjonen gjeld førebels fram til måndag 13.04.2020. Ny oppdatering frå regjeringa er signalisert skal kome 08.04.2020 og vi avventer situasjonen til då.

Fylkesmannen i Agder presiserer at både bubilar og campingvogner er å sjå på som "hytte". Det er difor ikkje høve til å opphalde seg i desse utafor eigen kommunegrense.
Valle kommune oppmodar alle om å repektere dei nasjonale retningslinene!

Alle som kjem til kommunen i karantene på hytta med bakgrunn i unntaket i forskrifta §5, og som ikkje er folkeregistrert i kommunen, skal melde dette til kommunen. Denne informasjonen sendast til post@valle.kommune.no  Forskrifta finn du HER

Les meir... clear

Hasjavvenning i Setesdal

Tilbod om
  • Bevisstgjeringssamtalar, individuell hasjavvenning
  • Foreldresamtalar, undervisning til skule og samarbeidspartnarar
 
Kontaktpersonar
Bykle/Valle
Tone Avdal
986 76 933
Bygland
Wenche Skarpengland  
906 45 731
Evje og Hornnes  
Vidar Vestøl
906 88 119
Setpro AS
Merete Almås
469 75 180

Kontakt for undervisning/andre spørsmål
LMT Setesdal 
Gunn Helene Neset  
  900 68 874

Bevisstgjeringssamtalar
3-4 samtalar med ungdom. Målet er å bevisstgjere eige bruk og refleksjon over konsekvensar. Målgruppa er ungdom som er i risiko for å utvikle ein avhengigheit knytt til cannabis. Pårørande trekkas inn i samtalane.
 
Individuell hasjavvenning
Programmet er individuelt tilpassa og følgjer fasane brukaren går gjennom når han/ho sluttar med cannabis. Oppfyinga går over 15 samtalar med møter 1-2 gonger i veka, det vil sei oppfying i 2-3 månader. Fokus er å forebyggje tilbakefall.
 
Kortprogram
Kortprogram er undervisning for ungdomar på skule eller til ungdom der det er bekymring rundt cannabisbruk. Det vert gjeve faktakunnskap om cannabis og konsekvensar av bruk. Det kan og gjevast undervisning til føresette, lærarar og andre samarbeidspartnarar.
Publisert | Oppdatert 15. september 2016