Hopp til hovedmenyen på siden Hopp til hovedinnholdet på siden
error_outline26. august kl. 08:58

"Bygdenytt" for November 2019 er ute!

Frist for innsending til Bygdenytt er 20. i månaden før. Eks. 20. november for desemberutgåva. 

Les meir......... clear

Helsestasjon for ungdom

Tenesteomtale

På helsestasjon for ungdom kan du snakke om og få råd om
  • Psykisk helse
  • Å vokse opp i to kulturar
  • Vanskelege forhold heime
  • Graviditet, prevensjon og abort
  • Seksuelle overførbare infeksjonar
  • Spiseforstyrringar
  • Alkohol, piller og narkotika
  • Vald eller overgrep
Helsestasjonen er open på ettermiddagar, det er gratis og du treng ikkje bestille time.
Alle som jobbar på helsestasjonen har teieplikt.
 
Dersom du ikkje tidlegare har fått barnevaksinasjonar, vil du få tilbod om vaksinering gjennom helsestasjonen fram til du er 20 år.

Målgruppe

Ungdom opp til 20 år.

Pris for tenesta

Tilbodet er gratis.

Lover

Kommunen plikter å tilby helsestasjons- og skolehelseteneste til born og unge under 20 år. Sjå

Helse- og omsorgstjenesteloven § 3-1, § 3-2, § 3-3
Pasient- og brukerrettighetsloven kapittel 7
Forskrift om helsestasjons- og skolehelsetjenesten § 5, § 6 og § 7.

Forskrift om helsestasjons- og skolehelsetjenesten
Helsepersonelloven
Helse- og omsorgstjenesteloven
Pasient- og brukerrettighetsloven

Rettleiing - korleis få utført
eller motta tenesta

Kontakt den nærmaste helsestasjonen din. Du treng ikkje å tinge time.

Vedlegg


Saksbehandling


Saksbehandlingstid


Høve til å klage

Dersom du meiner du ikkje får nødvendig hjelp eller er misnøgd med utføringa av tenesta, kan du sende klage til kommunen eller direkte til tenesteytaren. Forklar kva du er misnøgd med og kva for endringar du ønskjer.

Du kan også klage til fylkesmannen i fylket ditt over uforsvarleg utføring av tenesta, utilstrekkeleg eller feil informasjon eller brot på teieplikta.

Skulle det skje ei svært alvorleg hending i samband med tenesta kan du sende ei varsling direkte til Statens helsetilsyn på telefonnummer 474 86 882.

Tjenesten oppdatert: 29.07.2019 12:38