Hopp til hovedmenyen på siden Hopp til hovedinnholdet på siden
error_outline03. mars kl. 15:25

Orientering om koronaviruset - oppdatert 27.03.2020 kl. 09:40

Status frå møte i kriseleiinga 26.03.2020 kl. 15.00 finn du HER

ALLE tiltak i høve koronasituasjonen er forlenga til måndag 13.04.2020.

Nytt tiltak: Alle kommunale bygg er stengt for all verksemd med unntak av kyrkjestoga. Dersom ein skal låne kyrkjestoga venter vi at nasjonale føringar vert fulgt og at ein ikkje er meir enn 5 personar til stade.

Alle som kjem til kommunen i karantene på hytta med bakgrunn i unntaket i forskrifta §5, og som ikkje er folkeregistrert i kommunen, skal melde dette til kommunen. Denne informasjonen sendast til post@valle.kommune.no  Forskrifta finn du HER

Les meir... clear
telefoni

Helsetenesta i Bykle og Valle har oppretta korona-telefon!

Korona-telefon for Bykle og Valle

Det er oppretta koronatelefon for Bykle kommune og Valle kommune. Telefonen er bemanna av helsepersonell som har sett seg grundig inn i tilhøve kring koronaviruset, og kan hjelpe deg med å finne svar på spørsmål. Aktuell og oppdatert informasjon om koronavirus finn du på Folkehelseinstituttet si nettside . Alle blir oppmoda til å sjå om dei finn svar på desse nettsidene før dei ringer. Helsepersonell vil rettleie deg, vurdere situasjonen og ved behov hjelpe deg vidare med testing og behandling.

Opningstider koronatelefon mobil  948 89 445: man – fre kl. 09-12 og 13-15:30

Publisert | Oppdatert 22. mars 2020