Helsetenesta i Bykle og Valle

Helsetenesta er eit vertskommunesamarbeid mellom Bykle og Valle kommunar. Det er Bykle som er vertskommunen.

Helsetenesta i Bykle og Valle er ansvarleg for tenesteområda:
Lege, legevakt, fysioterapi, jordmor, helsestasjon og skulehelseteneste og psykisk helse og rus.

Innbyggarane i Bykle og Valle kommunar kan fritt gjøre seg nytte av tenestetilboda lokalisert i båe kommunar.  Tenesteleiar er Frode Verpe

Helsetenesta i Bykle og Valle gjer til ein kvar tid sitt beste for å levere tenester av god kvalitet, i samsvar med lov og føresegner og med kortast mogleg ventetid. Likevel må ein rekne med noko ventetid for våre tenester. Alvorlege tilstandar vil prioriterast fyrst

Hanne T. Straume er kommuneoverlege for Bykle og Valle kommunar og er tilsett i helsetenesta. Kommuneoverlegen er kommunens øvste medisinskfaglege mynde. Kommuneoverlegen har eit overordna fagleg ansvar innafor miljøretta helsevern, smittevern og helsemessig beredskap og skal føre tilsyn ved kommunale institusjonar, helsestasjon og heimebaserte tenester.

Innbyggjarane kan ta kontakt med kommuneoverlegen om dei har spørsmål som krev medisinskfagleg kompetanse eller ønskjer å melde frå om mogelege helseskadelege forhold