Plan- og miljøutvalet har i tillegg bede Rådmannen utarbeide sak om eigne retningsliner og regelverk for gjerding i utmark som skal handsamast våren 2019 (sak 54/18 i møtet 10.07.2018). Før sluttbehandling av detaljregulering for Listøyl må kulepunkt 3 i § 2 i føresegnene presiserast når det gjeld gjerdehald for å unngå gjerde som kan vere til fare for beitedyr.

Planen er i samsvar med kommuneplanens arealdel.

Planen i målestokk 1:1000 med føresegner og planomtale, og andre sentrale dokument i saka, er lagd ut på Velkomstsenteret i Valle kommune. Du finn dei elektronisk til høgre på sida.

Merknader til reguleringsarbeidet kan rettast til Valle kommune, innan 7. september. E-post: post@valle.kommune.no

 

Vurdering av innkomne merknader ved oppstart: Sjå planomtala. Saksbehandlar svarer gjerne på spørsmål.

Med helsing

 

Anne Lislevand

Fung. planrådgjevar

Tlf. 922 68 146