Johanne Hortemo
Føremål
Føremålet med honorarfondet er å gjere folkemusikken i Setesdal kjent og høyrt, og å stimulere til aktivitet blant folkemusikkutøvarar, ikkje minst dei unge. Fondet kan dekke delar av honoraret når  ein arrangør bruker folkemusikarar med lokal tilknyting til arrangement i Bygland, Valle og Bykle kommunar. Dersom det er unge utøvarar, kan fondet dekke heile honoraret.
Det er Valle sparebank, Valle, Bykle og Bygland kommunar som finansierer fondet, og Setesdal spelemannslag administrerer det.
 
Kven kan søkje om tilskot?
Alle arrangørar - lag, foreiningar, bedrifter eller privatpersonar - med tilskipingar i Bygland, Valle og Bykle kommunar, kan søkje om tilskot frå fondet. Ordninga gjeld ikkje for offentlege institusjonar. Honorarfondet kan støtte arrangement av dei fleste slag, anten det dreier seg om kulturinnslag ved konferansar, bedriftssamlingar, representasjonsoppdrag, opningsfestar, jubileum, ”runde dagar”,  private tilskipingar eller anna.
 
Retningslinjer for tildeling
Setesdal spelemannslag administrerer fondet, og definerer kva for utøvarar som kjem inn under ordninga. Det er utarbeidd rettleiande honorarsatsar for ulike typar utøvarar.
For unge utøvarar dekker fondet heile honoraret inntil kr 2500.
For tilskipingar med andre utøvarar dekkar fondet 2/3 av utgiftene inn til kr. 4000 per utøvar, og for grupper dekker fondet inn til kr. 12000.
Dersom arrangementet gjev overskot får ein ikkje dekka utgiftene. 
 
Søknad om tildeling
Søknad om tilskot frå fondet skal sendast til Honorarfond til folkemusikk. Skriv ein enkel søknad som inneheld opplysningar om arrangør, type arrangement, stad/tid, utøvar(ar) og avtalt honorar. Søknader blir handsama fortløpande, og tildeling skjer dersom søknaden tilfredsstiller retningslinene, og så lenge det er midlar på fondet.