Kriterier for tildeling av avlastningsopphald ved Valle Bygdeheim vert sendt ut på høyring til Eldreråd, Helselag, Pensjonistforeininga, Sjukepleiarforbundet og Fagforbundet.
Høyringa er også open for innspel frå samlege av kommunens innbyggjarar, og eventuelle andre organisasjonar med interesse i saka. Høyringsbrev vert lagt ut på kommunens heimeside
 
Høyringsfrist vert sett til 1 juni 2018. Høyringsuttale skal sendast til: post@valle.kommune.no eller pr. post til: Valle kommune, postboks 4, 4747 Valle.
 
Etter høring skal levekårutvalet vedtake endeleg kriterier for tildeling av avlastningsopphald.
 
Dei nye kriteria skal ha verknad frå 1 juli 2018.

 

 

Tildeling av avlastning i Valle kommune.

Formål

Sikre at pasient eller brukar får nødvendig og forsvarleg helse- og omsorgstenester jf. Helse- og omsorgstjenesteloven § 3.2, i samvar med pasient og brukarrettighetsloven §2-1

Hindre overbelastning hos omsorgsyter, samt gi omsorgsyter muligheit til å delta i samfunnsaktivitetar og få nødvendig ferie og fritid. Avlastning  vil utsette behov for langtidsopphald i institusjon.

Virkeområde

Gjeld alle som bur i Valle kommune.

Avlastningsopphald kan gis i institusjon, som dag-opphald eller i eigen heim.


Kriterie for tildeling

Avlastning i institusjon er til pårørande som har særleg tyngande omsorgsoppgåver.

Moment som tas med i vurderinga:

  • Det er behov for tilsyn 24 timar i døgnet

  • Omsorgsarbeidet skjer i periodar eller døgnet rundt, samt vart over tid

  • Omsorgsarbeidet er meir fysisk og psykisk belastande enn vanleg

  • Omsorgsarbeidet inneheld nattarbeid eller avbrot av nattesøvn.

  • Arbeidet fører til sosial isolasjon og mangel på ferie og fritid.

  • Det oppstår kortvarig sjukdom hos omsorgsyter.

  • Den omsorgstrengande må vere heilt avhengig av hjelp frå omsorgsytar for å bu i eigen heim.

  • Omsorgsarbeidet må vere vurdert som særleg tyngande

  • Avlastning må vere grunna i omsorgsytars behov for ferie og fritid.

  • Avlastning kan tildelast som eit førebyggjande tiltak, mot sjukdom/utbrenthet hos omsorgsytar samt mot institsjonalisering av omsorgsmottakar, etter ei individuell vurdering.

  • Avlastning gis ikkje ved direkte utskriving frå sjukehus.

Innhald i tenesta:

  • Motivere for eigenomsorg

  • Bistand og vegleiing i personleg hygiene

  • Bistand og vegleiing til riktig ernæring

  • Tilsyn, observasjon og vurdering av hjelpebehov

  • Yte naudsynt bistand for å oppretthalde funksjonsnivået

  • Omfang av kommunale helse og omsorgstenester vurderast.

  • Medisinar og medisinsk forbruksvarar dekkast av kommunen ved avlastning i institusjon.

  • Medisinske opplysningar innhentast frå fastlege

  • Kartlegging av behov med IPLOS vurdering skal gjennomførast


Søknad

Søknad om avlastningsopphald kan vere både munnleg og skriftleg.

Søknad sendes til Pleie og omsorg, Valle kommune, postboks 4, 4747 Valle, eller på e-post: post@valle.kommune.no


Saksbehandling

Kommunen skal innhente dei opplysningar som er nødvendig for å avgjer saken. Deretter utarbeidast det eit vedtak.

Søknaden skal behandlast utan opphald og innan 3 veker.

Dei som fyller kriterie for avlastning kan få eit vedtak på avlastning på 35 dagar, der det er ein fleksibel bruk av dagane frå omsorgsytar. Når dei 35 dagane er brukt, kan ein søkje om nye 35 dagar.

Ein kan ikkje ha vedtak på avlastningsopphald ut over 12 veker pr. år.


Betaling

Avlastningsopphald er gratis.


Klageadgang

Vedtak kan klagast på til Fylkesmannen, jf. pasient- og brukerrettighetsloven § 7-2. Ein klage skal være skriftlig, jf. pasient- og brukerrettighetsloven § 7-3. Ein eventuell klage sendast Pleie og omsorg i Valle kommune, som tar saken til vurdering. Dersom det ikkje gis medhald skal Pleie og omsorg i Valle kommune sende klagen utan ugrunna opphald til Fylkesmannen for endelig vurdering og avgjersle. Klagefrist er 4 veker, og skal gå fram  av vedtaket jf pasient- og brukerrettighetsloven § 7-5. For nærare opplysningar, eller ved behov for hjelp til å framsetje ein eventuell klage kan pleie og omsorgsavdelinga hjelpe.


Ikrafttredelse

Kriterie for avlastning trer i kraft frå 1 juli 2018.