Permisjon frå grunnskoleopplæring
Opplæringslova omhandlar to ulike typar permisjonstilfelle:
- Når det er forsvarleg, kan kommunen etter søknad gje ein elev permisjon frå den pliktige opplæringa i inntil to veker.
- Elevar som høyrer til eit trudomssamfunn utanfor Den norske kyrkja, har rett til permisjon på trudomssamfunnet sine helgedagar når foreldra sørgjer for nødvendig opplæring i permisjonstida.
Målgruppe
- Alle elevar som søkjer permisjon frå opplæringa
- Elevar som høyrer til eit trudomssamfunn utanfor Den norske kyrkja, og deira pårørande
Kriterium
Skolen vil vurdere om permisjonen er forsvarleg. Det er ikkje noko absolutt krav om at foreldra sørgjer for opplæring i permisjonstida. Det er ikkje tillate å gje permisjon ut over to veker.
Foreldra må sørgje for nødvendig undervisning i permisjonstida slik at eleven kan følgje med i den allmenne undervisninga etter at permisjonstida er ute.
Namn
Hylestad skule
Adresse
Postboks 4, 4747
Tlf
3793 7500
E-post
post@valle.kommune.no
Besøksadresse
Hylestad skule, 4748 Rysstad
Ansvarleg eining
Hylestad skule
Rettleiing
Du kan kontakte kommunen for å få hjelp til å søkje om permisjon.
Søknadsfrist
Søknader blir behandla etter kvart som dei kjem inn.
Handsaming
Når kommunen tar stilling til ein permisjonssøknad, er det eit enkeltvedtak.
Saksbehandlingstid: Kommunen har plikt til å behandle saka så snart som mogleg. Dersom saka ikkje kan avgjerast innan éin månad, skal du ha skriftleg svar om årsaka til det, med opplysning om når ein meiner at vedtaket vil bli gjort.
Klagemuligheit
Dersom kommunen avslår søknaden, kan du klage på vedtaket innan ein frist på tre veker frå du mottok vedtaket. Klagen sender du til den instansen som gjorde vedtaket. I klaga skal du føre opp kva du ønskjer endra i vedtaket og grunngje det. Kommunen vil kunne gje deg rettleiing. Klageinstans er Fylkesmannen. Før klaga blir sendt dit, skal den instansen som gjorde vedtaket, vurdere om det er grunn til å endre det. Dersom vedtaket blir halde ved lag, vil saka bli sendt til Fylkesmannen.
Lover
Opplæringslova § 2-11 første og andre leddet. Eleven har ikkje rett til permisjon etter første leddet. Etter andre leddet vil eleven likevel ha rettar dersom vilkåret om opplæring i permisjonstida er oppfylt. Opplæringslova
|
|
|
|