Skulefritidsordning (SFO)
Skolefritidsordninga er eit tilbod før og etter skoletid til barn i 1. til 4. klasse og for barn med spesielle behov i 1. til 7. klasse.
Målgruppe
Elevar i grunnskolen
Kriterium
Eleven må vere busett i kommunen.
Pris
Du kan søkje om redusert betaling for SFO, sjå nedanfor.
Namn
Hylestad skule
Adresse
Postboks 4, 4747
Tlf
3793 7500
E-post
post@valle.kommune.no
Besøksadresse
Hylestad skule, 4748 Rysstad
Ansvarleg eining
Hylestad skule
Rettleiing
Du kan få hjelp frå kommunen til å søkje.
Handsaming
Saksbehandlingstid: Kommunen har plikt til å behandle saka så snart som råd. Dersom saka ikkje kan avgjerast innan éin månad, skal du ha skriftleg svar om årsaka til det, med opplysningar om når ein meiner at vedtaket vil bli gjort.
Klagemuligheit
Får du avslag på søknaden, kan du klage på vedtaket innan ein frist på tre veker frå du mottok vedtaket. Klaga sender du til den instansen som har gjort vedtaket. I klaga skal du føre opp kva du ønskjer endra i vedtaket og grunngje det. Kommunen vil kunne gje deg rettleiing. Klageinstans er klagenemnda i kommunen. Før klaga blir sendt dit, skal den instansen i kommunen som gjorde vedtaket, vurdere om det er grunn til å endre det. Dersom vedtaket blir halde ved lag, vil saka gå vidare til den kommunale klagenemnda.
Lover
Kommunen pliktar å sørgje for denne tenesta, jf. opplæringlova § 13-7.
|
|
|
|