Skoletilhøyr
Elevar i grunnskolen har rett til å gå på den skolen som ligg nærmast, eller ved den skolen i nærmiljøet som dei soknar til.
Kommunen kan tillate skolebytte til ein annan skole enn den eleven soknar til etter søknad frå foreldra/eleven. Dersom omsynet til dei andre elevane tilseier det, kan ein elev i spesielle tilfeller bli flytta til ein annan skole enn den skolen eleven har rett til å gå på.
Målgruppe
Elevar i grunnskolen
Kriterium
Kva for skole som er nærmiljøskolen etter opplæringslova, blir avgjort etter ei samla vurdering. Vurderinga skal ta utgangspunkt i geografiske forhold, men skal også ta omsyn til andre relevante forhold, for eksempel om sysken er plasserte på den samme skolen, kapasiteten på skolane og om skolevegen er farleg. Før det blir gjort vedtak om å flytte ein elev, skal ein ha prøvd andre tiltak. Når det er nødvendig, kan eleven flyttast til ein skole utanfor kommunen, men ikkje slik at eleven må flytte ut av heimen eller at skoleskyssen blir uforsvarleg lang.
Namn
Hylestad skule
Adresse
Postboks 4, 4747
Tlf
3793 7500
E-post
post@valle.kommune.no
Besøksadresse
Hylestad skule, 4748 Rysstad
Ansvarleg eining
Hylestad skule
Rettleiing
Du kan ta kontakt med kommunen for å få hjelp til å søkje om at barnet ditt blir tatt opp i ein annan skole enn den barnet soknar til.
Handsaming
Saksbehandlingstid: Kommunen har plikt til å behandle saka så snart som råd. Dersom saka ikkje kan avgjerast innan éin månad, skal du ha skriftleg svar om årsaka til det, med opplysningar om når ein meiner at vedtaket vil bli gjort.
Klagemuligheit
Får du avslag på søknaden, kan du klage på vedtaket innan ein frist på tre veker frå du mottok vedtaket. Klaga sender du til den instansen som har gjort vedtaket. I klaga skal du føre opp kva du ønskjer endra i vedtaket og grunngje det. Kommunen vil kunne gje deg rettleiing. Klageinstans er Fylkesmannen. Før klaga blir sendt dit, skal den instansen som gjorde vedtaket, vurdere om det er grunn til å endre det. Dersom vedtaket blir halde ved lag, går saka vidare til Fylkesmannen.
Lover
Opplæringslova § 8-1 Ot.prp. nr. 46 (1997-98), merknader til § 8-1
|
|
|
|