Gå til hovedinnhold Gå til søk
Våpenskjold
Artikkel 

Hylestad skule
Hylestad skule1

Postadresse:
Postboks 4
4747 Valle

Telefon: 379 37 500
Telefax: 379 36 485
Epost: post@valle.kommune.no
Nettadresse: www.valle.no/hylestadskule

Fronter Læringsplattform

Skip Navigation LinksTenesteområde > Skule og utdanning Gå til hovedinnhold
Tjenestebeskrivelse 

Språkopplæring - Særskilt for minoritetsspråklege elevar i grunnskolen

Elevar med anna morsmål enn norsk og samisk har rett til særskilt norskopplæring til dei har tilstrekkelege norskkunnskapar til å følgje den vanlege opplæringa i skolen. Forutsett at det er eigna undervisningspersonale i kommunen, har slike elevar om nødvendig også rett til morsmålsopplæring, tospråkleg fagopplæring eller begge delar. Dette kan gjelde nytilflytta og andre minoritetselevar med svært avgrensa norskkunnskapar. Tospråkleg fagopplæring tyder at det skal brukast både norsk og morsmålet for at elevane skal få ta del i skolen sine fag og område.
Morsmålsopplæringa kan leggjast til ein annan skole enn den eleven går på.
Elevar som har rett til særskild norskopplæring, kan etter samråd med skolen velje mellom opplæring etter ein eigen læreplan i norsk som andrespråk for språklege minoritetar eller særskild norskopplæring etter den vanlege læreplanen i faget norsk.

Omtale av tenesta

Målgruppe

Elevar i grunnskolen frå språklege minoritetar.

Kriterium

  • Eleven må ha anna morsmål enn norsk og samisk.
  • Eleven har ikkje tilstrekkelege kunnskapar i norsk til å følgje den vanlege undervisninga.
  • Det må vere eigna undervisningspersonale i kommunen (dette gjeld morsmålsopplæring og tospråkleg fagopplæring).

Brosjyre

Eksempelsamling i opplæring frå BFD og NAFO
Opplæring av språklige minoriteter

Kontaktinformasjon

Namn

Hylestad skule

Adresse

Postboks 4, 4747

Tlf

3793 7500

E-post

post@valle.kommune.no

Besøksadresse

Hylestad skule, 4748 Rysstad

Ansvarleg eining

Hylestad skule

Søknadsprosess

Rettleiing

Du kan kontakte kommunen for å få hjelp til å søkje om språkopplæringa.

Handsaming

Saksbehandlingstid:
Kommunen har plikt til å behandle saka så snart som råd. Dersom saka ikkje kan avgjørast innan éin månad, skal du ha skriftleg svar om årsaka til det, med opplysningar om når ein meiner at vedtaket vil bli gjort.

Klagemuligheit

Hvis kommunen avslår søknaden, kan du klage på vedtaket innan ein frist på tre veker frå du mottok vedtaket. Klaga sender du til den instansen som har gjort vedtaket. I klaga skal du føre opp kva du ønskjer endra i vedtaket og grunngje det. Kommunen vil kunne gje deg rettleiing.
Klageinstans er Fylkesmannen. Før klaga blir sendt dit, skal den instansen i kommunen som gjorde vedtaket, vurdere om det er grunn til å endre det. Dersom vedtaket bir halde ved lag, går saka til klageinstansen.

Lover og retningsliner

Lover

Kommunen pliktar å sørgje for denne tenesta, jf. opplæringslova § 2-8 og friskolelova § 3-5.
Forskrift til opplæringslova
Friskolelova
Opplæringslova
Tjeneste - info 
Valle, Redaktør Sist oppdatert 21.07.2006 Tips ein venn om denne sia Tips ein venn Registrer ei elektronisk tilbakemelding Tilbakemelding Skriv ut denne sida Skriv ut
 
Andre tenester i kategorien 

Skule og utdanning

Untitled [3] 
1-4 tema knapp, Fotograf: Valle, Redaktør 5 -7 temaknapp, Fotograf: Valle, Redaktør Tema5, Fotograf: Asbjørn N. Renberg, Copyright: Valle kommune Tema4, Fotograf: Asbjørn N. Renberg, Copyright: Valle kommune