valle-stadion-bygging

Idrettsanlegg

Valle kommune har eit særs aktivt idrettslag som heiter Valle IL. Vi har etter kvart fått på plass mange gode idrettsanlegg. Attmed Valle skule, like sør for kommunesenteret ligg:

Idrettshallen

Her finn du handballbane, og 2 skiljeveggar  gjer det mogleg å dele hallen inn i tre delar. Det er tribune i hallen og garderobeanlegg. Her er det stor aktivitet. Hallen vert nytta av Valle skule, Setesdal vidaregåande skule og Setesdal folkehøgskule på dagtid. Ettermiddag og kveld er det Valle IL som nyttar hallen.

"Møykjerommet"
Dette er eit godt utstyrt styrkerom med manualar, apparat og romaskiner. For å bruke styrkerommet "Møykjerommet" lyt du teikne abonnement. Du får då eigen elektronisk brikke som skal nyttast for å låse opp døra. Det er mange som driv med styrketrening her. Valle-IL  administrerer Møykjerommet og du finn meir informasjon her

Spinningsal. 
Valle- Il har tilbod om spinning i spinningsalen 

 

Innandørs anlegg for pistolskyting.
Hylestad pistolklubb har felles trening onsdagar. Kontakt Knut Arne Rysstad 90 95 50 51 eller Torgeir Solbakk 95 92 79 80

 

Innandørs symjebasseng med 12,5 meters basseng.

I 2013 vart Valle stadion totalrenovert med ny kunstgrasbane for fotball og anlegg for friidrett. Her er 4 løpebaner med kunststoffdekke, tennisbane og hoppegrop. I tillegg har anlegget fått flomljos.

Rysstad

På Rysstad ligg Rysstad stadion. Her er fotballbane med naturgras.
På Hylestad skule, Nomeland,  er det gymsal som m.a. vert nytta til volleyball.

Kontaktinformasjon

Velkomstsenter

Telefon: 37 93 75 00

E-post: post@valle.kommune.no

Tilknytta element

Tips ein ven Skriv ut
Design: Tress Design AS - Programmering: CustomPublish AS