Hopp til hovedmenyen på siden Hopp til hovedinnholdet på siden
error_outline29. mai kl. 10:35

Ver varsam med eld i skog og mark!

Med skogbrannane i fjor sommar sterkt i minne så vil vi oppmode folk til å vere ekstra varsame med eld i skog og mark og i samband med grilling.

Vi minner om at det er eit generelt forbod 15. april -15. september mot å gjere opp eld i nærleiken av skog og utmark.

Les meir... clear

Incestsenter

Tenesteomtale

Du kan ta direkte kontakt med eit incestsenter. Dei tilsette har teieplikt og tilbodet er gratis. Incestsenteret gjev tilbod til vaksne og ungdommar som har vore utsette for incest og seksuelle overgrep som born. Også føresette og eventuelle partnarar kan vende seg til incestsenteret. Incestsenteret driv òg førebyggjande arbeid gjennom undervisning og informasjonsarbeid.

Tilbodet til incestsenteret omfattar m.a.:

  • Einesamtalar
  • Trening i å byggje relasjonar til andre menneske
  • Sjølvhjelpsgrupper der ein arbeider seg gjennom kjensler saman med andre. Brukarane hjelper kvarandre i prosessane - både med å kome ut av fastlåste mønster og å ta ansvar for eige liv 

Målgruppe

  • Personar som har vore utsette for incest og seksuelle overgrep
  • Foreldre og pårørande til born som utsetjast for overgrep

Samarbeidspartnarar

Det blir gjeve statleg og kommunalt tilskott til drift av incestsenteret. Incestsenter er ikkje ein del av den ordinære verksemda i kommunen, men det er kommunen som søkjer om statstilskott og godkjenner budsjettet til incestsenteret.

Tjenesten oppdatert: 28.09.2017 19:15