Hopp til hovedmenyen på siden Hopp til hovedinnholdet på siden
error_outline29. mai kl. 10:35

Ver varsam med eld i skog og mark!

Med skogbrannane i fjor sommar sterkt i minne så vil vi oppmode folk til å vere ekstra varsame med eld i skog og mark og i samband med grilling.

Vi minner om at det er eit generelt forbod 15. april -15. september mot å gjere opp eld i nærleiken av skog og utmark.

Les meir... clear

Individuell plan - koordinering av helse- og omsorgstenester og/eller sosialtenester

Tenesteomtale

Du har rett til å få utarbeidd ein individuell plan dersom du har behov for langvarige og koordinerte tenester frå det offentlege hjelpeapparatet. Planen skal sikre at det til kvar tid er nokon som har ansvaret for koordinering og oppfølging.

Vi oppmodar deg som brukar til å delta aktivt med å forklare dei behova du har for tenester og kva ynske og mål du har.

Målgruppe

  • Personar som har behov for langvarige og koordinerte helse- og omsorgstenester og/eller sosialtenester
  • Personar som deltar i kvalifiseringsprogram i regi av Nav-kontor

Samarbeidspartnarar

Har du behov for tenester både frå kommunen og frå spesialisthelsetenesta (staten), har desse plikt til å samarbeide om å utarbeide planen.

Lover

Dette er ei lovpålagd teneste. Sjå:

Barnevernlova § 3-2a
Psykisk helsevernlova § 4-1
Helse- og omsorgstenestelova kap. 7 og § 7-1
Pasient- og brukarrettigheitslova kapittel 7
Lov om sosiale tenester i NAV kap. 4
Spesialisthelsetenestelova § 2-5
Introduksjonslova § 6
Forskrift om habilitering og rehabilitering § 22
Forskrift om individuell plan i NAV

Introduksjonsloven
Forskrift om habilitering og rehabilitering
Sosialtjenesteloven
Spesialisthelsetjenesteloven
Helse- og omsorgstjenesteloven
Pasient- og brukerrettighetsloven
Barnevernloven
Psykisk helsevernloven
Forskrift om individuell plan i NAV

Rettleiing - korleis få utført
eller motta tenesta

Du eller dine pårørande kan ta initiativ til å få laga ein individuell plan, men hovudansvaret for utarbeidinga ligg i hjelpeapparatet.

Vedlegg

Du må leggje ved ei fullmakt dersom det er nokon annan som søkjer for deg.

Saksbehandlingstid

Kommunen skal behandle saka så snart som mogleg. Dersom saka ikkje kan avgjerast innan éin månad, skal du ha skriftleg melding om årsaka til det. Du skal samstundes få opplyst om når ein meiner at det vil bli gjort eit vedtak.

Høve til å klage

Høvet til å klage er heimla i den enkelte lova (sjå avsnittet om lover og retningsliner). Fylkesmannen er klageinstans etter lov om sosiale tenester i Nav, og Helsetilsynet i fylket er klageinstans etter helselovene.

Det er retten til individuell plan du kan klage på. Men dersom ein individuell plan ikkje oppfyller krava til kva ein slik plan skal innehalde (sjå forskrifta), kan du òg klage på det. Klagen sender du til den instansen i kommunen som har behandla saka.

Tjenesten oppdatert: 05.09.2018 17:38