I samband med at 109 av kommunane i landet blir slegne saman til 43 nye kommune, og at 13 fylkeskommunar blir til 6 nye fylkeskommunar, har Statens kartverk avgjort at matrikkelen og grunnboka blir stengt i ein periode før årsskiftet

1. januar 2020 er det 311 kommunar som får nytt kommunenummer. Av desse er 109 kommunar blant dei som blir samanslegne. 
Dette vil kreve store endringar i matrikkelen og grunnboka frå årsskiftet 2019/2020.

For å redusere risikoen og sikre kvaliteten på gjennomføringa av kommune- og regionreformane, blir matrikkelen og grunnboka stengt for brukarane opp mot årsskiftet 2019/2020.

Matrikkelen blir stengt fredag 13. desember kl. 18:00
Grunnboka blir stengt fredag 27. desember kl. 20:00

Kva konsekvensar har så dette for innbyggjarar og hytteeigarar i Valle kommune?

  • Når det gjeld matrikkelføring, slik som bygningsregistrering, adressering, føring av kretsar m.m., må registreringa vere avslutta før fredag 13. desember kl. 18:00
  • Stenging av matrikkelen inneber og at det er stengt for registrering av konsesjonsvedtak og eigenerklæringar om konsesjonsfriheit. Det vil då seie at om du har planar om å sende inn skjema "Egenerklæring om konsesjonsfrithet", bør det gjerast i god tid før 13. desember
  • Dokument som skal sendast til Statens kartverk som gjeld tinglysing, må sendast til kommunen i god tid før 29. november

Om du ynskjer meir informasjon om dette, kan du lese det på Kartverket sine sider