INFORMASJON VEDR. FEIING/TILSYN:

Frå og med 2019 skal alle hus og hytter vere med i feie/tilsynsordninga og vert derfor fakturert med gebyr årleg frå no av. Under kan du lese om kriterium for kor ofte du skal feie.

 

Forskrift om brannførebygging

I ny forskrift om brannførebygging vert det pålagt at alle kommunar/brannvesen skal risikokartleggje behovet for både feiing og tilsyn. Forskrifta tar også inn alle fritidsbustader på linje med vanlege bustader.

 

Bakgrunn for endringa

Bakgrunnen for endringa i forskrifta er at oppvarmingsbehov og fyringsmønster er endra over tid, sett i samanheng med nye krav til tettleik og varme i bustad. Statistisk sett er difor fyring mindre aktuelt og eldstadane er tryggare. Nye reintbrennande omnar har kome på marknaden. Utviklinga har medført at langt færre brannar oppstår i tilknyting til piper og eldstader enn tidlegare.

 

Risikokartlegging og feiefrekvens

Med den nye forskrifta plikter brannvesenet å kartlegge risikoen i alle bueiningar. Setesdal brannvesen IKS har blant anna lagt fylgjande kriterium til grunn:

· Bygningstype

· Røykløpstype

· Sotmengde

· Reintbrennande

· Avvik

· Brannsmitte

· Alder på bebuar

· Avstand til brannstasjon

 

Utifrå desse kriterium får kvar bueining eit risikotal med fargekode grøn, gul eller raud. Fargen bestemmer frekvensen på både feiing og tilsyn ut frå den risikoen som ligg på einingane.

· Grøn - Feiefrekvens kvart 8. år

· Gul - Feiefrekvens kvart 5. år

· Raud - Feiefrekvens kvart 3. år

· Raud + - Feiefrekvens kvart år

  

 

Kommunen si førebyggjande plikt

Ǥ 14 Kartlegging av risikoen for brann

Kommunen skal kartlegge sannsynligheten for brann og konsekvensene brann kan få for liv, helse, miljø og materielle verdier i kommunen. Kommunen skal herunder kartlegge utsatte grupper i kommunen som har en særlig risiko for å omkomme i eller bli skadet av brann, og brannobjekter der brann kan føre til tap av mange menneskeliv.

 

Sentrale begreper

· Kartlegge innebærer å innhente og analysere fakta om risikoen for brann.

· Sannsynlighet og konsekvens omtales gjerne samlet som risiko (risiko = sannsynlighet x konsekvens).

· Liv omfatter både mennesker og dyr.

· Helse omfatter både fysisk og psykisk helse.

· Miljø omfatter bare miljøkonsekvenser som følge av brann.

· Materielle verdier omfatter også verdier som ikke kan erstattes, som for eksempel kulturminner.»

 

Kvifor skal kommunen kartleggje risikoen for brann?

Grunnlaget for eit systematisk brannsikringsarbeid er kunnskap om fare for at det skal oppstå brann og kva konsekvensar brann kan gje for kommunen. Kunnskap krev korrekt informasjon og analyse. Det lokale risikobilete gjev grunnlag for prioritering, planlegging og gjennomføring av eigna tiltak.

 

Kvifor må jeg betale dersom de ikkje har feia hos meg?

Alle kommunane i Setesdal har ein "flat" pris på feieavgifta. Det vil seie at ein betalar eit beløp kvart år, sjølv om det ikkje nødvendigvis har blitt feia akkurat dette året. Gebyrfastsetjinga for feie- og tilsynstenesten er basert på prinsippet om sjølvkost, altså skal gebyret kun dekke utgiftene for denne kommunale tenesten. Gebyret vert justert etter kor mykje denne tenesten kostar.

Det vil ikkje vere mogeleg å krevje inn feiegebyr frå eigarar som ikkje har fyringsanlegg.