Koronavirus lever ganske lenge på papir. Sjølv om det ikkje er nokon i Valle som har blitt testa positivt for Korona, så ynskjer biblioteket ikkje å ta for store risker. Helst ville vi at bøkene ikkje vart levera til biblioteket enda, men vi ser at dette er vanskeleg å få gjenomført. Difor vil vi innføre at alle som ynskjer å levere bøker, pakkar dei inn i plastposar, slik at vi kan legge dei i ei vekes karantene før vi tar på dei.