Hopp til hovedmenyen på siden Hopp til hovedinnholdet på siden

Introduksjonsprogram for nytilkomne flyktningar

Tenesteomtale

Føremålet med introduksjonsprogrammet er å gjere det enklare for flyktningar å ta del i arbeidslivet og å gjere dei meir økonomisk sjølvstendige. Det er eit krav at du bur i ein kommune etter avtale med utlendingsstyresmaktene, og at du har behov for grunnleggjande kvalifisering.

Introduksjonsprogrammet skal minst innehalde opplæring i norsk og samfunnskunnskap og førebuing til deltaking i arbeidslivet. Programmet skal vere heilårleg og på fulltid og kan vare i inntil to år. Det skal setjast opp ein individuell plan ut frå opplæringsbehova til den enkelte. Deltakarar har krav på introduksjonsstønad. På årsbasis er dette to gonger grunnbeløpet i folketrygda. Personar under 25 år får 2/3 stønad. 

Målgruppe

Du er nytilkomen flyktning mellom 18 og 55 år og har fått innvilga opphaldsløyve som lista opp nedanfor. Med nytilkomen reknar ein at du har vore i landet under to år.

Kriterium/vilkår

Eit av følgjande kriterier gjeld:

  • Du har fått asyl
  • Du er overføringsflyktning med innreiseløyve
  • Du er innvilga opphaldsløyve på humanitært grunnlag etter søknad om asyl
  • Du blir familiesameint med personar i dei gruppene som er nemnde over, som ikkje har vore busette her i meir enn fem år
  • Du har etter samlivsbrot fått opphaldsløyve på sjølvstendig grunnlag på grunn av mishandling i samlivet

Pris for tenesta

Tenesta er gratis.

Lover

Kommunen skal sørgje for introduksjonsprogrammet. Sjå spesielt introduksjonsloven § 3 Kommunens ansvar for introduksjonsprogram.

Forskrift om norskopplæring mv. for innvandrere
Forskrift om nasjonalt introduksjonsregister
Forvaltningsloven
Introduksjonsloven
Forskrift om norskopplæring mv. for innvandrere

Saksbehandlingstid

Kommunen har plikt til å sørgje for introduksjonsprogram så snart som mogleg og innan tre månader etter at du har busett deg i kommunen. Dersom du ikkje har fått tilbodet innan éin månad, skal du ha skriftleg melding om årsaka til dette, med opplysningar om når du kan rekne med at introduksjonsprogrammet kan starte.

Høve til å klage

Du kan klage på vedtak om

  • tildeling av program/stønad
  • vesentlege endringar i planen
  • at programmet blir stansa
  • godkjenning av permisjon

Dette må skje innan ein frist på tre veker frå du tok imot vedtaket. Frklar kva du er misnøgd med og kvifor du meiner vedtaket bør endrast. Treng du rettleiing, kan du vende deg til kommunen. Blir avgjerda ståande, blir saka send vidare til Fylkesmannen, som avgjer om klagen skal takast til følgje.

Tjenesten oppdatert: 28.09.2017 17:40