Du er her: Heim > Kart
kart-2

Kart

I menyen finn du nettsidene som er omtala under.
 

Kommunekart  - enkel

"Kommunekart" frå Norkart finnast også som app til smarttelefonar og nettbrett, for iOS og Android. Kommunekart gir deg gratis kart og flybilete for heile Noreg. I tillegg tilbyr Valle kommune følgjande kommunale kartlag med ferske og detaljerte kart:
  • eigedomsgrenser med matrikkelinformasjon og lenke til kartverkets "SeEiendom"
  • godkjente bygg/tiltak
  • kommuneplan- og reguleringsplanar med dokument
  • Temakart for Valle, mellom anna snøskuterltrasear og villreinvald
​Velg kva for kartlag du vil teikne opp ved å trykke på pila ved sidann av kommunenamnet. Kvart lag åpnast ved å trykke på namnet, t.d. "Valle kartlag".
Du kan søke deg fram til ønska stad ved hjelp av adresse, eigedomsnr. (gnr/bnr), stadnamn.  eller bruk av "posisjonering".
Pek i kartet og velg "Mer info" for å få fram informasjon om valde kartlag. Kommunekart har også ruteplanleggar.
 
Under meny-knappen heilt øvst til venstre ligg det fleire funkjsonar, mellom anna Hjelp, som forklarar godt om bruken av kartet.
 
Denne klienten har fleire funksjonar, mellom anna målestokkrett utskrift til pdf. Den visar også fleire kartlag, viser meir informasjon om ulike kartobjekt og har fleire lenker til eksterne karttenester.

Planinnsyn

Dette er ein database med alle gjeldande reguleringsplanar og kommuneplanen. Du kan søkje på namn/delar av namn eller plan-id, eller klikke rett i kartet og zoome inn/ut. Ved å velje ein plan i kartet som kjem opp på høgre side, får ein opp informasjon om planen. Trykk «vis meir informasjon» for å få opp plandokument som vedtak, føresegner og plankart.

Under «Velg kart» kan ein slå av og på visning av ulike kart. Under Reguleringsplan kan ein velje «Reguleringsplan på grunnen» - det er dei vedtekne planane, «Reguleringsplan på høyring» - det er planar som er/har vore på høyring men som ikkje er endeleg vedtekne, og til slutt «Reguleringsplan under handsaming» - dette er planar som er under arbeid men som endå ikkje har kome på høyring (på desse er det berre omrisset/planavgrensinga som ligg inne). Databasen vert oppdatert fortløpande. Om du oppdagar feil - ta gjerne kontakt med velkomstsenteret 
Kart over arealressursar med arealtall for landbrukseigedom. Du fyller ut kommunenamn, gnr. og bnr. og trykkar "Vis gårdskart".
 
Tenesta hentar informasjon om kva for gards- og bruksnr. som inngår i ein landbrukseigedom direkte frå Landbruksregisteret (Statens Landbruksforvaltning) og eigedomsgrenser direkte frå Matrikkelen (kommunane og Statens kartverk). Markslagskart (AR5) hentas frå "Skog og landskap" sin kartbase.
 
Kvaliteten og dekninga av kartgrunnlaget varierer frå kommune til kommune, og oppdatering av kartgrunnlaget gjerast kontinuerlig.
Tenesta er lagt til rette for landbruksforvaltninga og eigarar og brukarar av landbrukseigedomar, men er open for alle.
 

Infoland

Infoland er ein elektronisk marknadsplass for formidling av eigedomsinformasjon, kart- og plandata. Her kan du bestille kart og opplysningar om eigedom elektronisk.


Kart i 3D

Kart i 3D er ein tredimensjonal visning av kart og flyfoto for Setesdal og Setesdal Vesthei - Ryfylkeheiane. I kartløysinga kan ein kombinere ulike fagdatabasar med flyfoto.


Naturbase

Naturbase syner informasjon om mellom anna verneområde, friluftlivområde og leveområde for ulike dyreartar. Ei brukarvenleg innsynsløysing som gjev direkte tilgong til data som vert oppdatert av Direktoratet for naturforvaltning og fylkesmennene. Du kan manøvrere deg fram og attende i kartet og hente ut informason, du kan søkje etter område og førekomstar, og du kan lage utskrifter.


Noreg i bilete

Noreg i bilete er eit sentralt forvaltningssystem for digitale ortofoto, etablera av Statens kartverk, Statens vegvesen og NIBIO.


NVE Atlas

NVE Atlas gir innsyn i fagdata som er knytta til NVE sitt ansvars- og forvaltingsområde. NVE Atlas og Skredatlas er slått saman og kome i ny drakt.

Med den nye kartkatalogen får vi eit NVE Atlas som inneheld det aller meste av NVE sine tematiske kartlag, vist på eit oppdater kart- og flybildegrunnlag. Den nye kartportalen er meir brukarvennleg, og krev færre klikk før du finn info om dei data du viser i kartet.


Kart over jaktvald, villrein og elg

Dette er eit temakart laga av Valle kommune, som viser grenser for jaktvalda i kommunen.


Skuterløypekart

Dette er eit temakart laga av Valle kommune, som viser traseane for dei søknadspliktige skuterløypene i kommunen.


Dette er ei kartløysning for å kjøpe kartdata i anten sosi eller dxf. Ein teiknar inn området ein vil kjøpe kartdata for. Betalingsløysninga er i Infoland, det kjem opp ein knapp med "Gå til Infoland" når ein har lagt det markerte området i handlekurva og valgt "Kjøp disse produktene nå"
 

 

Tips ein ven Skriv ut
Design: Tress Design AS - Programmering: CustomPublish AS