Bergbruske (Saxifraga cotyledon). Sildrefamilien.

Har du ein god kikkert kan du om sumaren sjå Valles kommuneblome hengje i kvite kaskadar utover Andenapes stupbratte fjellsider. For bergbruske eller bergfrue er den vakraste av alle fjellplanter, og den staselege blomestengelen som er overstrødd med hundrevis av blomer, er eit syn ein seint vil gløyme. Men når blomstringa er over og frøene er mogna, døyr heile planten av denne kraftanstrenginga. Heldigvis sette den små siderosetter som lever vidare og startar på nytt igjen.

Bergbruske er ganske vanleg i heile Setesdalen, men det krevjes ofte litt anstrengelse for å nyte dens blomar. Planten freder seg sjølve!

 

Kilde: www.blomstrende-sorland.no