kommunevåpen venstrestilt

Kommunevåpenet i Valle

Kommunevåpenet i Valle vart godkjent ved Kongeleg resolusjon den 11.5.1984.

Det er teikna av Daniel Rike frå Valle. Rike har også teikna kommunevåpenet til ei rekkje andre kommunar i landet.

Andreaskrossane er svært vanlege motiv i all heraldikk. For Valle kommune sin del er inspirasjonen henta frå gamal kyrkjedekor.
Hylestad stavkyrkje med dei kjende portalane, stod i bygda. Andreaskrossane er også brukte som del av mønsteret i Setesdalskufta.

Andreas er nemnd fleire gonger i evangelia, og alltid mellom dei fire fyrste (saman med Peter, Jakob og Johannes). I evangelia høyrer vi korleis han audmjuk sit ved meistaren sine føter og stiller spørsmål på vegne av dei andre. Han var og med då Jesus mette 5.000 i øydemarka.
Seinare misjonerte han rundt Svartehavet og i Hellas, og truleg og endå vidare. Truverdige kjelder fortel at han til sist slo seg ned i Hellas og forkynte evangeliet derifrå som biskop av Patras. Under keisar Nero, år 60, vart han arrestert og dømd til døden for ikkje å ville tilbe avgudane. 30. november år 60 eller 62 leid han martyrdøden med å verte bunden til eit skrysstilt kors som seinare fekk namn etter han.
I to, tre dagar skal han ha preika til folket i denne smertefulle stillinga, før han døde.     
Tips ein ven Skriv ut
Design: Tress Design AS - Programmering: CustomPublish AS