23.03.2020 kl. 08.00

Til stade via teams: Rådmann Aud Sunniva Fuhr, Ordførar Steinar Kyrvestad, leiar pleie og omsorg Solveig Kyrvestad, kommunelege Hallvard Mosdøl, beredskapskoordinator Torleif Homme, skulefagleg ansvarleg og ansvarleg barnehagemyndigheit Else Margit Tveit og informasjonsansvarleg Gunn Marith Homme (referent)

Det er fram til no teke 13 koronavirusprøvar sidan 16.03.2020. Fått svar på desse 13 prøvene, alle har vore negative, dvs ikkje påvist koronasmitte i Valle pr 23.03.2020.

Grunna strenge retningsliner i høve testing av korona kan det vere smitte utan at vi veit det. Vi må framleis drive smitteoppsporing, noko som er eit godt teikn då det betyr at vi har oversikt på smitten. 

Målretta tiltak for å førebyggje å få inn smitte utanifrå kan være det som gjev størst vinst no framover. Innbyggjarane må framleis vise omsyn og følgje råd og pålegg fra lokal og sentral myndigheit, og ikkje slappe av med hygienetiltaka sjølv om dagens konklusjon gjev ein viss grunn til optimisme.

Det er 8 tilsette i karantene på bygeheimen av ulike årsaker. Fleire av desse kjem attende neste veke.

Husfliden har fått i oppdrag å sy smittefrakkar i bomull som kan kokvaskast. Dei har også sagt dei kan sy munnbind ved behov.

Kommunen mangler smittevernutstyr så har du liggjande noko som du kan avsjå ville vi sett pris på om de gjev melding til kommunen. Ta kontakt med leiar pleie og omsorg Solveig Kyrvestad tlf: 912 47 155  eller e-post: solveig.kyrvestad@valle.kommune.no

Det blir gjennomført ulike kartleggingar i organisasjonen i samarbeid med tillitsvalde

Tiltak frametter
Alle som kjem til kommunen i karantene på hytta med bakgrunn i unntaket i forskrifta, og som ikkje er folkeregistrert i kommunen, skal melde dette til kommunen. Denne informasjonen sendast til post@valle.kommune.no

Vi avventer nye tiltak, og evt. forlenging av eksisterande tiltak til etter informasjon om nasjonale føringar har kome. 

Neste møte i kriseleiinga er torsdag 26. mars kl. 15.00 via Teams.