Riksantikvaren har ved Kulturminneetaten i Aust Agder fylke, gjort ei hendvending til Valle kommune. Det  dei ønskjer er at kommunen vurderer å leggje arealet frå Harstadberg og nord til Tveitebø / Homme ut  som eit «Kulturhistorisk landskap av nasjonal verdi». Valle kommune har sakt seg villig til å vere med , saman med kulturminneetaten på fylke, i  ein prosess om dette fram mot sommaren. Det vil bli arrangert allmøte og møte med dei rørde partane før saka vert  teke opp til politisk handsaming i kommunestyret. Tidspunkta for møta kjem me attende til.

Målet  med prosjektet er at kommunane kan ivaretake viktige landskapsverdiar i si planlegging.

Ønskjer du å vite meir sjå HER

Steinar Kyrvestad
Ordførar