Føremål:

Det er eit stort tal frivillige lag og foreiningar i kommunen vår. Kvart år blir det lagt ned utallige ubetalte arbeidstimar av personar som gjer ein innsats for kulturlivet i Valle. Dette arbeidet er uvurderleg og er med på å gjere bygdene og grendene til levande lokalsamfunn der det er godt å bu både for unge og vaksne.

Alle lag og foreiningar i Valle med lovleg aktivitet innan kulturområdet kan få kulturmidlar. I utgangspunktet bør laga sjølve ha midlar til den ordinære drifta. Medlemstal er eit forhold som vil spele inn på vurderinga, men kulturmidlar skal i hovudsak fordelast etter omfanget av aktivitetane i laget.

Kva kan du søkje til?

 

Lag/foreiningar kan søke om underskotsgaranti eller prosjektstøtte på kulturtiltak. Underskotsgaranti kan løyvast til mindre arrangement innan kommunen. Prosjektstøtte kan løyvast til prosjekt som omfattar eit breitt lag av innbyggjarane i kommunen. Søknadene må innehalde omtale av arrangementet / prosjektet samt kostnadsoverslag med både stipulerte inntekter og utgifter.

Kven kan søkje om tilskot?

Formannskapet ønskjer å forhalde seg til hovudklubbane, ikkje til underavdelingane. Søknader frå idrettslaget skal sendast Idrettsrådet til uttale før fordelinga av kulturmidlar vert lagt fram for politisk handsaming. Idrettsrådet kan sjølv søke om midlar på linje med dei andre laga, men uttalen skal ikkje omfatte eigen søknad. Velforeiningar kan søkje berre i dei tilfella det ikkje er grendelag i området.

Foreiningar som har til hovudoppgåve å samle inn pengar til føremål som ikkje kan klassifiserast under kultur har ikkje rett til tilskot. Dei kan sjølvsagt likevel søkje om underskotsgaranti/prosjektstøtte til kulturtiltak (eiga ordning).

Valle kommune har følgjekort for funksjonshemma. Følgjekortet gjev den funksjonshemma rett til å ta med følgje gratis inn på kulturarrangement i regi av arrangørar som har akseptert ordninga.

Alle som får tilskot frå kulturmidlane i Valle er forplikta til å akseptere reglane for følgjekort på sine arrangement.

korleis søker du?

Søknaden skal førast på eige søknadsskjema og sendast Valle kommune. Ein forenkla rekneskap frå føregåande året, underskrive av revisor, skal vere med. I tillegg skal søknaden innehalde balanse ved førre årsskifte og budsjett for søknadsåret. Dessutan skal søknaden innehalde ei kort årsmelding frå føregåande år. Stort avvik mellom denne og aktivitetsplan innsendt ved søknad om kulturmidlar året før vil kunne føre til avslag på søknad.